Giuseppe Ungaretti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giuseppe Ungaretti

Statsborgarskap Italia, Brasil, Kongedømet Italia
Fødd 8. februar 1888
Alexandria
Død

1. juni 1970, 2. juni 1970 (82 år)
Milano

Yrke lyrikar, omsetjar, journalist, essayist, skribent, universitetslærar
Språk italiensk
Politisk parti Fascistpartiet i Italia
Medlem av Bayerische Akademie der Schönen Künste
Religion katolisisme
Signatur
Giuseppe Ungaretti på Commons

Giuseppe Ungaretti (8. februar 18881. juni 1970) var ein italiensk diktar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Giuseppe Ungaretti var fødd 8. februar 1888 i Alexandria som son av toskanske landarbeidarar frå provinsen Lucca i Italia. Familien hadde utvandra til Egypt og dreiv eit lite bakeri i utkanten av Alexandria. Faren var òg med ved bygginga av Suezkanalen og omkom berre eit par år etter at Giuseppe var fødd, men mora fortsette å driva bakeriet. Giuseppe Ungaretti budde i Egypt fram til 1912, då han var 24 år.

Som tjuefireåring drog han til Paris – skulegangen hans i Alexandria hadde vore meir fransk enn italiensk – og på vegen fekk han eit første glimt av Italia. Ved krigsutbrotet i juni 1914 søkte han seg vekk frå krigen til Milano. Der gav han ut dei første dikta sine i hermetistisk art i futuristtidsskriftet Lacerba. Då Italia sidan gjekk med i krigen i 1915 verva han seg som meinig i infanteriet og blei send til fronten, der Italia og forbundsfellen Austerrike-Ungarn deltok i slaga ved Isonzo.

Debutdiktsamlinga til Ungaretti, Il porto sepolto, blei skriven på krigsskodeplassar i Carsofjella og kom ut i 1916 i 80 eksemplar. Desse såra og smeretfylte dikta, som han sjølv omtalte som «ei slags dagbok», var prega av eit heilt eoge diktaridiom og eit nytt tonefall innan italiensk poesi. Dei møtte inga direkte forståing, men skulle med tida gjera han kjend. Nokre år seinare blei dei tekne med i den meir omfattande samlingen Allegria di naufragi (1919), som i sin tur låg til grunn for den meir omfattande L'allegria frå 1931.[1] Ifølge kjennaren Leone Piccioni var Giuseppe Ungaretti allereie frå dei første samlingane sine «den verkelege og den mest djuptgåande fornyaren» av språk, verseform, tematikk og aktualitet i den italienske lyrikken på 1900-talet.[2] Dikta var utan tradisjonelle og songbare rytmar. Ordvalet var enkelt og umiddelbart i høve til røyndomen, og tok for seg nye motiv.

Attende i Paris etter krigen gav han ut ei samling på fransk, La Guerre, tileigna den nyleg avdøde venen hans Guillaume Apollinaire. Elleve av dei atten dikta var eigne omsetjingar frå italiensk, resten var blitt skrivne direkte på fransk. Ungaretti gifta seg i 1920 med franske Jeanne Dupoix. Paret slo seg ned i Roma året etter, der han blei tilsett som journalist av Utanriksdepartementet. Den andre større diktsamlinga hans, Sentimento del tempo, kom ut i 1933. Tre år seinare drog han med familien til Brasil. Han hadde fått tilbod om å bli professor i italiensk litteratur ved universitetet i São Paulo. Denne stillinga hadde Ungaretti fram til 1942, då han vende attende til Roma. II 1939 hadde den niårige sonen hans Antonietto døydd av ein blindtarmsbetennelse, og sorga etter sonen er merkbar i samlinga Il dolore (1947).

Viktige seinare verk av Ungeretti er La terra promessa (1950), Un grido e paessaggi (1952) og Il taccuino del vecchio (1960). Han gav òg ut tolkingar av såvel franske modernistpionerar som engelske og spanske diktarar frå barokken og romantikken. Ungaretti døydde i Milano 1. juni 1970.

Andre betydelege diktarar som den tyskspråklege Paul Celan og den franskspråklege Philippe Jaccottet har tolka delar av Ungaretti sitt verk til sine respektive språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Skeppsbrotts glädje"
  2. Företal (1968), s. 11.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Leone Piccioni: Företal. Ingår i Giuseppe Ungaretti: Poesie (Stockholm, 1968)
  • Patrick Creagh: Introduction. Ingår i Giuseppe Ungaretti: Selected Poems (Penguin Books, 1971)
  • Anders Olsson: Efterord. Ingår i Giuseppe Ungaretti: Jag är en varelse (Themis, 2001)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Giuseppe Ungaretti