Givat Brenner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Givat Brenner
landsby
Land  Israel
Region Sentral
Kommune Brenner
Koordinatar 31°51′52.19″N 34°48′1.08″E / 31.8644972°N 34.8003000°E / 31.8644972; 34.8003000
Areal 7,8 km²
Folketal 2 694 (2021)[1]
Grunnlagd 1928
 - Grunnlagd av jødiske pionerar frå Russland, Polen og Tyskland

Givat Brenner Aerial View.jpg

Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Givat Brenner
31°51′52″N 34°48′01″E / 31.864444444444°N 34.800277777778°E / 31.864444444444; 34.800277777778
Wikimedia Commons: Givat Brenner
Nettstad: www.gbrener.org.il

Givat Brenner (hebraisk skrift גִּבְעַת בְּרֶנֶר, tyder 'Brenneråsen'), òg skrive Giv'at Brener, er ein kibbutz i Sentral-Israel i Israel. Han ligg kring to kilometer sør for Rehovot og høyrer til Brenner regionale kommune. Kibbutzen vart grunnlagd i 1928 og er kalla opp etter forfattaren Yosef Haim Brenner, som vart drepen i Jaffa-opprøra i 1921.

Givat Brenner har kring 1 700 innbyggjarar og er ein av dei største kibbutzane i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hermetikkfabrikk i Givat Brenner i 1939.

Givat Brenner vart grunnlagd i 1928 av immigrantar frå Litauen, Polen og Tyskland. Under andre verdskrigen forsynte Givat Brenner den britiske hæren med varer som syltetøy, noko som la grunnlaget for ein eksportindustri. Det vart starta ein fabrikk som laga utstyr for kunstig vatning, og dette førte til at det vart bygd eit støyperi. Støyperiet utvikla seg til å spesialisere seg på aluminium-trykkstøyperiselskap, som mellom andre produserte etuiet til naudtelefonar i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]