Givat HaShlosha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°5′53.88″N 34°55′15.59″E
Givat HaShlosha
landsby
GivatHashlosha9.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°5′53.88″N 34°55′15.59″E
Folketal 761 (2010) [1]
Grunnlagd 1. mai 1925
 - Grunnlagd av polske HeHalutz-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Giv'at HaShlosha

Givat HaShlosha (hebraisk skrift גִּבְעַת הַשְּׁלֹשָׁה, tyder 'åsen av dei tre') er ein kibbutz sentralt i Israel, kring 4 km aust for Petah Tikva, nær elva Yarkon.

Staden er medlem av Kibbutzrørsla og høyrer til Drom Hasharon regionale kommune. Kibbutzen er kalla opp etter dei tre arbeidarane frå Petah Tikva som vart skulda for spionasje under fyrste verdskrigen (Palestina vart då under Det osmanske riket), og vart sende i fengsel i Damaskus. Dei vart torturerte og døydde i 1916.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd den 1. mai 1925 av ei gruppe frå HeHalutz-rørsla frå byen Klosobah i Polen. Den opphavlege plasseringa var vest for Petah Tikva, nær krysset mellom gatene Arlozorov og Tzahal i Petah Tikva i dag. Nær den originale kibbutzen låg det ein regionalskule kalla opp etter Rosa Cohen. Det var ein jordbruksskule som no er ein urban gard langs Kaplangata. Ein av dei største mathallane i Israel var tidlegare i drift i kibbutzen.

I tida før Israel vart grunnlagd, var Givat HaShlosha ein av kibbutzane der Palmach fekk opplæring, og her gøymde Haganah våpen. Han vart angripen av den britiske hæren under Operasjon Agatha.

I 1952 vart kibbutzen oppløyst, som mange andre kibbutzar, ved eit ideologisk skilje i kibbutzrørsla. I 1953 vart han flytta til den noverande plasseringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://cbs.gov.il/ishuvim/ishuv2010/bycode.xls