Hopp til innhald

Give That Wolf a Banana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Give That Wolf a Banana»
Song av Subwoolfer

Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 10. januar 2022
Sjanger Elektropop, EDM
Lengd 02:51
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) «Keith», «Jim», «DJ Astronaut»

«Give That Wolf a Banana» (norsk omsetjing 'gje den ulven ein banan') er ein norsk elektropopsong frå 2022 som vert framført av duoen Subwoolfer. Songen vart gjeven ut 10. januar 2022 og vann Melodi Grand Prix 2022. Songen er skriven av duoen sjølv, under pseudonyma «Jim» og «Keith», saman med DJ Astronaut.

Songen vann finalen i Melodi Grand Prix 2022 og var dimed det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Give That Wolf a Banana» er ein festlåt innan elektropop- og EDM-sjangaren. Songen vart sloppen 10. januar 2022 som ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2022.[2] Låten vert framført av den anonyme popduoen Subwoolfer. Dei har skrive låten saman med «DJ Astronaut». Identiteten til dei tre opphavspersonane er ukjend.[3][4] Duoen opptredde fyrste gongen offentleg med låten under den fjerde delfinalen av Melodi Grand Prix 5. februar 2022. Duoen skulle ha opptredd ei veke tidlegare, men måtte utsetje på grunn av koronasykdom.[5]

«Give That Wolf a Banana» var ein av ti finalistar til finalen i Melodi Grand Prix 2022. Songen var det niande bidraget på scena og var på førehand den største favoritten til å vinne tevlinga.[6] På finaledagen hadde songen ein vinnarsjanse på 55 prosent.[7] Songen vann gullfinalen over «Someone» av NorthKid og vart dimed det norske bidrag til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia i mai.

Den 11. februar 2022 gav Subwoolfer ut ein eigen valentines-versjon av songen, kalla «Give That Wolf a Romantic Banana».[8]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Austerrike Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[9] 67
Flagget til Australia Australia (ARIA Digital Tracks)[10] 33
Global Excl. US (Billboard)[11] 165
Flagget til Hellas Hellas (IFPI Greece)[12] 42
Det irske flagget Irland (IRMA)[13] 59
Flagget til Island Island (Tónlistinn)[14] 4
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[15] 10
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[16] 54
Flagget til Noreg Noreg (Topplista)[17] 4
Det britiske flagget Storbritannia (UK Singles)[18] 47
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[19] 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Subwoolfer er vinner av Melodi Grand Prix 2022: – Fantastisk». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022. 
  2. «Årets MGP-deltakere er klare: Subwoolfer - Give That Wolf A Banana | Universal Music Norge». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 19. februar 2022. 
  3. Svelstad, Oda Elise (24. januar 2022). «Ser du hvem det er?». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022. 
  4. Stoveland, Kjetil (9. februar 2022). «Ville spekulasjoner: Dette tror ekspertene». dagbladet.no (på norsk). Henta 19. februar 2022. 
  5. Strand, Marit Sofie (25. januar 2022). «Subwoolfer rammet av korona». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022. 
  6. «Melodi Grand Prix-finalen: To utenomjordiske «ulver» er favoritter». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022. 
  7. «Odds Norway Melodi Grand Prix 2022». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 19. februar 2022. 
  8. «Subwoolfer release 'Give That Wolf A Romantic Banana'». ESCXTRA.com (på engelsk). 11. februar 2022. Henta 19. februar 2022. 
  9. Hung, Steffen. «Subwoolfer - Give That Wolf A Banana». austriancharts.at. Henta 27. mai 2022. 
  10. «The ARIA Report: Week Commencing 23 May 2022». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1681): side 9. 23. mai 2022. 
  11. Cabral, R. J. (15. september 2020). «Billboard Global Excl. US». Billboard (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  12. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 19/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2022. Henta 23. mai 2022. 
  13. «IRMA – Irish Recorded Music Association». www.irma.ie. Henta 23. mai 2022. 
  14. «TÓNLISTINN – LÖG vika 20–2022» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 22. mai 2022. 
  15. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 22. mai 2022. 
  16. Hung, Steffen. «Subwoolfer - Give That Wolf A Banana». hitparade.ch. Henta 23. mai 2022. 
  17. «Singel 2022 uke 04». topplista.no. Henta 4. mars 2022. 
  18. «Give That Wolf a Banana | full Official Chart History». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 23. mai 2022. 
  19. «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 23. mai 2022.