Give Us a Wink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Give Us a Wink
Studioalbum av Sweet
Utgjeve 16. februar 1976
Innspelt 1975
Studio Musicland Studios i München og Associated Independent Recording
Sjanger Hardrock, heavy metal, glamrock
Lengd 38:14
Selskap RCA, Capitol
Produsent Sweet
Sweet-kronologi
Strung Up
(1975)
Give Us a Wink Off the Record
(1977)


Singlar frå Give Us a Wink
  1. «Action»
    Utgjeve: Juli 1975
  2. «The Lies in Your Eyes»
    Utgjeve: Januar 1976
  3. «4th of July»
    Utgjeve: 1976 (berre Australia)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC+[2]

Give Us a Wink er det fjerde studioalbumet av det britiske rockebandet Sweet. Det var det første albumet som vart skrive og produsert av bandmedlemmene sjølv. Tidlegare hadde dei stolt på materiale frå låtskriverlaget til Nicky Chinn og Mike Chapman. Albumet kom ut på RCA Records i Europa og Australia og på Capitol Records i USA, Canada og Japan.

RCA-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Albumet fullførte steget deira over til hardrock-stilen som alltid hadde vore varemerket for deira sjølvskrivne B-sider. Give Us a Wink nådde tredjeplassen på albumlista i Sverige, niandeplassen i Tyskland og kom på topp 20 i Noreg og Australia. Albumet gjekk ikkje inn på lista i heimlandet til Sweet, Storbritannia.

Det europeiske albumet inneheld to singlar, «Action» og «The Lies in Your Eyes», som vart spelt inn og gjeve ut før resten av albumet. «Action» nådde topp 10 i 1975 i ei rekkje europeiske land, men stoppa på 15. plassen på UK Singles Chart. Sjølv om «The Lies in Your Eyes» berre nådde 35. plassen i Storbritannia, var han populær i andre delar av Europa så vel som i Australia. Ein tredje singel, «4th of July», vart berre gjeven ut i Australia, men gjekk ikkje inn på singellista.

Ein digital ommastra versjon kom ut på CD i 1999 med to bonusspor. Ein annan ommastra versjon kom ut på nytt på CD i 2005 med tre bonusspor.

Capitol-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Versjonen som kom ut i USA og Canada snudde dei to sidene av LP-en og la til «Lady Starlight» som det tredje sporet på side to. Denne songen vart første gang gjeven ut på den europeiske versjonen av albumet Desolation Boulevard frå 1974. Versjonen av «Lady Starlight» på dette albumet har synthesizer som er fråverande frå originalen. Give Us a Wink nådde topp 20 i Canada. «Action» nådde topp 10 i 1975 i Canada. I USA nådde det 15. plassen. Den japanske versjonen av dette albumet er den same, men legg òg til «Fox on the Run» i byrjinga av side to.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart designa av den amerikanske kunstnaren Joe Petagno, som allereie hadde designa det førre Sweet-albumet Strung Up (1975). Det originale LP-omslaget vart gjeven med eit utstansa deksel som fekk auga til å blinka då ermet vart fjerna og plassert tilbake i omslaget.

Songar spelt inn av andre artistar[endre | endre wikiteksten]

«Action» har vorte spelt av fleire rockeband, som Raven (på albumet Rock Until You Drop), Black' n Blue (på albumet Black' n Blue), Steve Stevens (på albumet Atomic Playboys) og Def Leppard (som ein britisk topp 20-singel og seinare på albumet Retro Active). Ein uvanleg versjon var ein coverversjon av Scorpions under pseudonymet The Hunters i 1975, sungen på tysk og med tittelen «Wenn es richtig losgeht».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker.

RCA-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Lies in Your Eyes»3:48
2.«Cockroach»4:51
3.«Keep It In»5:00
4.«4th of July»4:24
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Action»3:44
6.«Yesterday's Rain»5:16
7.«White Mice»4:58
8.«Healer»7:17
Bonusspor på 1990-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Fox on the Run» 4:49
10.«Lady Starlight»Andy Scott3:09
11.«Sweet Fanny Adams» 6:16
12.«Miss Demeanor» 3:17
Bonusspor på 1999-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Someone Else Will»3:25
10.«Miss Demeanor»3:17
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Action» (7"-versjon)3:29
10.«Cockroach» (München-miks)4:57
11.«4th of July» (München-miks)4:22

Capitol-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Action»3:44
2.«Yesterday's Rain»5:16
3.«White Mice»4:57
4.«Healer»7:16
Side to
Nr.TittelLengd
5.«The Lies in Your Eyes»3:44
6.«Cockroach»4:49
7.«Lady Starlight»3:10
8.«Keep It In»4:57
9.«4th of July»4:22

Japansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Action»3:44
2.«Yesterday's Rain»5:16
3.«White Mice»4:57
4.«Healer»7:16
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Fox on the Run»3:24
6.«The Lies in Your Eyes»3:44
7.«Cockroach»4:49
8.«Lady Starlight»3:10
9.«Keep It In»4:57
10.«4th of July»4:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • Louie Austin – lydteknikar
  • Trevor Griffin – pianosolo (spor 4)
  • Macklydteknikar
  • Nick Ryan – lydteknikar

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Give Us a WinkAllmusic
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. oktober 2021 – via robertchristgau.com. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6.