Gjærkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei gjærkasse av tre. Emnet vert lagt langs veggen i kassa, og vert kappa over i rett vinkel ved at saga vert styrt av spora i veggene. I denne kassa kan ein kappe i førtifem gradars vinkel i to retningar til venstre, og i nitti gradars vinkel i sporet til høgre.

Gjærkasse er ei smal kasse som vert nytta for å kappa i ulike vinklar når ein skal gjære, det vil seie å setje saman to eller fleire lister av tre eller metall i ein vinkel i høve til kvarandre, til dømes for å lage ei biletramme, for å lage fine hjørne for tak- eller golvlister i hus og så bortetter. Enkle gjærkasser kan ofte berre nyttast for å kappa 45o og 90o, altså den vinkelen som skal til for å setje to lister saman i nitti gradars vinkel. Men det finst òg gjærkassar av metall som kan stillast inn i ein vilkårleg vinkel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]