Gjeldsfengsel
Utsjånad
Gjeldsfengsel er ein type fengsel for menneske som ikkje kan betala gjelda si. Dei var vanlege til midten av 1800-talet, men er i dag i stor grad avskaffa. Nivået på fridommen fangane fekk i gjeldsfengsel var varierande. Om ein fange hadde tilgang til litt pengar, kunne han kjøpa seg enkelte gode. Nokre stader var det lov å gjera forretningar i fengsel, og ha besøkande over fleire timar. Far til den engelske forfattaren Charles Dickens sat i gjeldsfengsel, og Dickens både skildra og kjempa mot fengselsforma i tekstane sine.[1][2] Den engelske tjuven Jonathan Wild byrja karrieren sin frå eit slikt fengsel.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Charles Dickens Bibliography Arkivert 2010-12-15 ved Wayback Machine. ved charles-dickens.com
- ↑ Andrews, Arlene B. (October 2012). «Charles Dickens, Social Worker in His Time». Social Work 57 (4): 297–307. PMID 23285830. doi:10.1093/sw/sws010.
- ↑ «Wild, Jonathan». 1911 Encyclopædia Britannica. Volume 28.
- Denne artikkelen bygger på «Gjeldsfengsel» frå Wikipedia på bokmål, den 3. desember 2022.