Gjelleboge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjellebogane vist i eit frontaltsnitt av eit svelg av eit embryo. Biletet er henta frå Gray's Anatomy.

Gjellebogane (latin archus pharyngei), stundom òg kalla visceralbogar, brankialbogar og faryngealbogar, er innanfor embryologien mellombelse støttevevfoldar på kvar si side av svelget hos eit embryo som blir byrja danna på den 22. dagen etter befruktinga.[1]. Gjellebogane er opphavet til mange framtidige strukturar i andletet, halsen og øyret. Embryoet har fem gjellebogar, kalla den fyrste, andre, tredje, fjerde og sjette gjellebogen. Den femte gjellebogen, som finst mellom anna hos fisk, blir ikkje danna i mennesket, og den sjette gjellebogen er berre delvis skapt.

Kvar gjelleboge inneheld ei ytre kleding av ektoderm og ei indre kleding av endoderm. Mellom desse laga finst mesodermale mesenkymceller frå lateralplatemesoderm og paraksiale mesoderm, forløparar til bruskceller, nevralkamceller, ein aortaboge og ein hjernenerve tilknytt kvar gjelleboge.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schoenwolf, Gary C. m. fl.: Larsens Human embryologi, FADL's forlag, København, 2012, s. 527
  2. Schoenwolf, Gary C. m. fl.: Larsens Human embryologi, FADL's forlag, København, 2012, s. 527

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]