Gjenforeiningskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjenforeiningskrigen

Dato 26. oktober 1683 – 15. august 1684
Stad Dei sørlege Nederlanda
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Spania
Kommandantar
Ludvig XIV Karl II

Gjenforeiningskrigen (1683–1684) var ein kort konflikt mellom Frankrike og Spania og deira allierte. Krigen kom som følgje av det langvarige ønsket til Ludvig XIV om å erobre nye landområde, hovudsakleg i Dei spanske Nederlanda, langs den nordlege og austlege grensa til Frankrike. Krigen var, på sett og vis, eit framhald av måla til Ludvig XIV frå devolusjonskrigen og den fransk-nederlandske krigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei spanske Nederlanda (oransje) med kurfyrstedømet Liège (fiolett) og fyrstedømet Stavelot-Malmedy (rosa)

Avtalane som enda devolusjonskrigen og den fransk-nederlandske krigen, samt freden i Westfalen frå 1648, avstod mange byar til Frankrike. Når ein by skifta eigarar, skifta etter tradisjonen òg dei omliggande landområda det same, som gav byen mat og andre forsyningar. Ofte var grenseområda til desse avhengige regionane dårleg definerte. Så Ludvig og hoffet hans introduserte frå 1670 fleire gjenforeiningskammer som skulle undersøke om Frankrike hadde fått alle landområda dei hadde krav på.

Gjenforeiningskammeret, som var lojale overfor kongen, avgjorde etter å ha undersøkt fleire motstridande dokument frå mellomalderen, at fleire av dei avsidesliggande områda skulle gjevast til Frankrike. Desse områda bestod generelt av små byar og landsbyar, og i stor grad gjekk overføringa til Ludvig utan motstand så snart dei franske soldatane nådde fram.

Annektering og krig[endre | endre wikiteksten]

Krigen starta offisielt då eit kringsett Spania følte seg tvungen til å erklære krig for å protesterte mot at dei franske soldatane gjekk inn i områda deira.[1] Områda franskmennene tok kom hovudsakleg frå Dei spanske Nederlanda og vestlege delar av Det tysk-romerske riket, særleg Alsace. Dette etterlet derimot store landlege område under Ludvig sin kontroll som var uverna av store garnisonsbyar. Dei to vitkigaste av desse var Strasbourg og Luxembourg by. Strasbourg dominerte det nyannekterte området til Ludvig i Alsace, medan den store festninga i Luxembourg dominerte regionane Ludvig hadde annektert frå Dei spanske Nederlanda. I 1681 vart Strasbourg annektert etter at Ludvig kringsette byen med ein stor styrke.

Luxembourg nekta derimot å gje seg, og det braut ut krig mellom dei spanske styrkane i Nederlanda, med støtte av Det tysk-romerske riket, og Frankrike vinteren 1683. Som straff for å ha lete dei spanske soldatane nytte hamna deira, bombarderte franskmennene byen Genova i 12 dagar i mai 1684.[1] Som i tidlegare krigar slo franskmennene lette dei spanske styrkane, og tok fleire byar, mellom andre Courtrai og Diksmuide.

Trass i at Gjenforeiningskrigen var relativt kortvarig, utvikla han eit rykte for å ha vore ein særskild blodig krig. Ludvig XIV og dei militære rådgjevarane hans utførte fleire valdelege represaliar for å påverke folkeopinionen, med mål om å presse fiendtlege embetsmenn til å overgje seg. Under eit slag gav Louvois ordre til comte de Montal om å brenne tjue landsbyar nær Charleroi fordi spanjolane tidlegare øydela to låvar utanfor to franske landsbyar, og han insisterte på at ikkje eit einaste hus skulle stå att i dei tjue landsbyane.[2]

Same året sette Det osmanske riket i gang den største offensiven sin nokon gong på austsida av Det tysk-romerske riket, og starta den store tyrkiske krigen.

Fred og avtale[endre | endre wikiteksten]

Ludvig nekta å sende støtte til Riket og sende til og med i løyndom sendebod for å støtte osmanarane. Skriv frå denne tida indikerer at han rekna det som usømmeleg å halde fram ein krig mot Riket på vestsida. Ludvig gjekk derfor med på freden i Ratisbon, som garanterte tjue år med fred mellom Frankrike og Riket og bad syskenbarnet Karl II av England, om å avgjere striden om kvar grensa skulle gå.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Gjenforeiningskrigen, som dei førre kontinentale krigane, mislukkast i å løyse den betente konflikten mellom det franske Bourbon-dynastiet og den spanske og austerrikske greina av Habsburg-dynastiet. Den korte, men brutale krigen, var ein del av opptakten til den lengre niårskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lynne, John Albert (2002). The French Wars 1667–1714. Osprey Publishing. s. 48. 
  2. Lynne, John Albert (1993). «How War Fed War: The Tax of Violence and Contributions during the Grand Siècle». The Journal of Modern History, 65(2) (The University of Chicago Press): 301.