Gjerdinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjerdinga
Lissklungvika på Gjerdinga
Lissklungvika på Gjerdinga
Geografi
Norway - Gjerdinga.png
Stad Risværfjorden
Koordinatar 64°56′54″N 11°25′50″EKoordinatar: 64°56′54″N 11°25′50″E

Areal 5,5 km²

Høgaste punkt Øyrshatten (117 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 18 (2010)
Folketettleik 5,5 /km²

Gjerdinga er ei øy i Nærøy kommune i Trøndelag. Øya ligg plassert ved hovudskipsleia om lag 8,3 Nm nord for Rørvik. Namnet Gjerdinga tyder frå gammalt av gjerde mot storhavet.

Gjerdinga har ferjesamband til Eidshaug på fastlandet med seks daglege avgangar. Øya har i 2010 om lag 20 innbyggjarar, i tillegg har mange fritidshus her. Hovudnæringa på øya er lokal småskalaproduksjon av mat. Dei fleste yrkesaktive fastbuande har arbeidsplassane sine på fastlandet. Øya har gjestehamn med vatn og straum, turstiar og gode høve for naturopplevingar.

Det høgaste punktet på øya er Øyrshatten på 117 moh. På toppen av Øyrshatten er det framleis krigsminner frå tyske luftskytsstillingar. På Gjerdinga kan ein sjå rådyr, ørn og mange fulgeartar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]