Gjermund Grivi
Gjermund Grivi | |
![]() | |
Fødd | 5. april 1867 |
Død | |
Yrke | sorenskrivar, politikar |
Gjermund Grivi på Commons |
Gjermund Nilsson Grivi (5. april 1867–10. mars 1954) var ein sakførar, gardbrukar, sorenskrivar og stortingsmann frå Bø i Telemark. Han var sentral då venstrelag vart skipa i Bø i Telemark i 1893, og representerte partiet på Stortinget i til saman 18 år.
Grivi var son til lensmannen i Bø i Telemark. Han vart student i 1886 og cand. jur. fem år seinare. Frå 1891 var han overrettssakførar og frå 1894 i tillegg brukar av farsgarden. Grivi var medlem av heradsstyret i ei rekke år, ordførar 1898-1915. Perioden 1915-36 var han sorenskrivar for Nedre Telemark.
I 1913 vart han medlem av vassdragskommisjonen, ein posisjon han hadde til 1920. Under striden om konsesjonslovene var Grivi ein leiande talsmann mot at utanlandsk kapital skulle få makt.
Perioden 1903-06 var Grivi 2. representant frå Bratsberg amt på Stortinget. Frå 1906 til 1912 representerte han einmannskrinsen Austre Telemark. Alle dei ni fyrste åra på tinget hadde han plass i Konstitusjonskomiteen, frå 1908 var han sekretær i komiteen. Stortingsperioden 1910-12 var han sekretær i Reguleringskomiteen og medlem av Fullmaktskomiteen. Han var deretter stortingsrepresentant i tre åtskilde periodar; 1916-18, 1922-24 og 1928-30. Perioden 1916-18 var han formann i Landbrukskomiteen og to sesjonar medlem i Utanrikskomiteen, samt odelstingspresidemt 1916-17. Han var formann av Skog- og vassdragskomiteen 1922-24 og medlem av Utanrikskomiteen 1923-24. I sin siste bolk på Stortinget var han medlem av Skog- og vassdragskomiteen.
Grivi var også formann i mottakingskomiteen da Kong Haakon skulle presenterast for stortinget i 1905. Han var også ein sterk pådrivar for å få jernbanen om Bø og ikkje direkte frå Gvarv til Lunde, (denne strekninga vart populært kalla Grivisvingen). Grivi var leiar av Stortinget si fråhaldsgruppe 1910-12, og heile tida ein aktiv målmann.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914