Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gjermundshamn-Løfallstrand)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°3′38.930″N 5°58′2.2548″E

Gjermundshamn ferjekai
Foto: Tore Sætre
Årsnes ferjekai
Foto: Tore Sætre
Crystal Clear app kworldclock.png Under arbeid: Denne artikkelen er under arbeid, og er ikkje fullstendig ennå. Det kan ventast at artikkelen blir utvida og/eller omarbeidd.
Det har ikkje vore gjort endringar på artikkelen på ei veke, så denne markeringa kan no fjernast. localtimestamp=20191206072952 (1575617392 unixtime), revisiontimestamp=20190605085514 (1559724914 unixtime), localtimestamp-revisiontimstamp=15892478 sekund


Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes er eit ferjesamband langs fylkesveg 48 over Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune. Strekninga vert i dag driven av Norled med ferjene MF «Hordaland» og MF «Vikingen». Overfarten frå Gjermundshamn til Årsnes tar 20 minutt direkte og 40 minutt med anløp på Varaldsøy. Strekninga Gjermundshamn–Varaldsøy tar 15 minuttar, og strekninga Varaldsøy–Årsnes 25 minuttar.

Gjermundshamn og Årsnes har opptil 29 daglege avgangar, medan Varaldsøy har opptil ni daglege anløp.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ferjestrekninga vart starta i 1938 med stopp på Løfallstrand, Gjermundshamn, Varaldsøy, Mundheim og Omastrand. Vegutbygginga på vestsida av Hardangerfjorden gjorde at Omastrand vart kutta som ferjestopp i 1950. I 1955 passerte talet på førte bilar Mundheim-Løfallstrand for første gong 1000 i juni, juli og august. I rutetabellen frå 1963 kan ein sjå at MF «Huglo» gjorde stopp i Rosendal ein dag i veka, for å korrespondere med MS «Hardangerfjord» som gjekk i Oddaruta.

I oktober 1963 opna vegsambandet mellom Mundheim og Gjermundshamn, og Mundheim vart lagt ned som ferjestopp. Overfartstida vart med det kraftig korta ned.

Fram til 1. juli 2010 gjekk ferjene til Løfallstrand i staden for til Årsnes. Denne ferjekaia låg lenger ute i Hardangerfjorden, cirka 5 minutt med køyring frå Årsnes.

Overfarten frå Gjermundshamn til Løfallstrand tok om lag 25 minutt direkte og 45 minutt via Varaldsøy. Strekninga Varaldsøy - Løfallstrand tok 30 minutt. Gjermundshamn og Løfallstrand hadde før omlegginga opp til 23 daglege avgangar.

I mars 2017 vart det annonsert at Fjord 1 hadde vunne anbudet om ferjesambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes frå 2020.[1] I desember 2018 byrja planarbeidet med å elektrifisera ferjekaiane på Gjermundshamn og Årsnes, for å gjera sambandet klart til dei nye elektriske ferjene.[2]

Ferjer[endre | endre wikiteksten]

Følgjande oversikt viser ferjer som har trafikkert strekninga. Enkelte ferjer har vore i bruk på denne strekninga berre på delar av året, hovudsakleg som ekstraferje om sommaren.

År Rute 1 Rute 2
Vinter Sommar Vinter Sommar
1952 MK «Held»
1954-1955 MS «Talaria»
1956 MF «Rosendal»
1956-1962 MF «Fusa»
1963-1966 MF «Huglo»
1967-1970 MF «Melderskin»
1971-1973 MF «Vøringen»
1973 MF «Tysnes»
1973-1974 MF «Kinsarvik»
1975 MF «Tysnes»
MF «Bjørnefjord»
1976 MF «Tysnes»
1977-1978 MF «Strandebarm»
1978 MF «Tysnes»
1988-2011 MF «Kvinnherad»
2001-2002 MF «Rosendal»
2003 MF «Ulvik»
2010-2011 MF «Folgefonn»
2017-2018 «MF Gloppen» «MF Etne» MF «Hordaland»
2018-2019 «MF Ullensvang»

Før 1956: Mellom anna MK «Kinsarvik» og MS «Talaria»

MF «Hordaland» på veg frå Årsnes til Gjermundshamn.
Foto: Tore Sætre


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det blir elektriske ferjer frå Fjord 1 i Kvinnherad», www.kvinnheringen.no (på norsk), 30. mars 2017, henta 5. juni 2019 
  2. «Elektrifiserer ferjekaiane», Grenda, 18. desember 2018, henta 5. juni 2019 
  3. Skipsrevyen (26. juli 2017), «Norled omdisponerer ferjeflåten - skaper lokal irritasjon - Skipsrevyen.no», www.skipsrevyen.no (på bokmål), henta 5. juni 2019