Gjerpen prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°13′21.59″N 9°36′32.89″E / 59.2226639°N 9.6091361°E / 59.2226639; 9.6091361

Gjerpen prestegard i Skien
Foto: Bohuslen

Gjerpen prestegard eller Gjerpen store ligg like søraust for Gjerpen kyrkje i Skien kommune i Telemark. Historia til prestegarden og kyrkja går attende til 1100-talet.

Hovudbygningen vart oppført i 1750 i barokk stil med valmtak. Bygningen vart noko forlenga og endra omkring 1850 og i 1890. Stilmessig vart han endra mot sveitser, og han fekk to arker under det høge valmtaket. Desse vart fjerna ved ei restaurering i 1971–72, då utsjånaden vart ført attende mot det opphavlege. Prestebustaden vart totalrenovert i 2015.[1]

Stabburet er frå omkring 1900. Det er lafta og har ståande panel. Både hovudbygningen og stabburet er freda. Det er dessutan oppført eit kyrkjelydshus på prestegardseigedomen.

Gjerpen prestegard var barndomsheimen til P.A. Munch. Familien Quisling budde dessutan her i ei årrekke. Jon Lauritz Qvisling (far til Vidkun Quisling) var prost i Gjerpen og skreiv mykje om lokalhistorie og kyrkjehistorie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond: Med respekt for fortida er Gjerpen prestebolig totalrenovert Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]