Gjersjøelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjersjøelva
Land  Noreg
Munning Bunnefjorden nær Hvervenbukta
Kart
Gjersjøelva
59°50′00″N 10°46′00″E / 59.83333333°N 10.76666667°E / 59.83333333; 10.76666667
Wikimedia Commons: Gjersjøelva

Gjersjøelva er ei elv i Nordre Follo kommune i Akershus som renn frå Gjersjøen og nordover ut i Bunnefjorden. Ho har eit samla fall på 40 meter. Elveløpet vekslar mellom stilleflytende parti og dammar, små stryk og fossar. I elva finst rik vass- og vasskantvegetasjon.[1] Det nedste stykket dannar elva grensa mot Oslo kommune.

Fiskeslag i elva er gjedde, abbor, gjørs, mora, brasme, sørv, ål og ørekyt. I nedre del av elva går det laks og sjøaure. Fiske etter laks og sjøaure er tillate frå 15. juni til 30. september unntatt 1. til 14. juli.[2]

Ei av dei første vassagene i Noreg låg ved Gjersjøelva (like etter 1500). Som del av garden Hvitebjørn blei ho kjøpt i 1529 av Henrik Krummedike. Gjersjøelva heitte tidlegare Hvitebjørnselven.[3]

Ved elva var det òg både salpeterverk og krutmølle, som var i drift i perioden 1750-1869.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjersjøelva i Miljødirektoratets nettstad Naturbase
  2. «Lakseregister - Gjersjøelva». Miljødirektoratet. Arkivert frå originalen 30. september 2018. Henta 6. august 2015. 
  3. Store norske leksikon