Gjerstad Låsfabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjerstad Låsfabrikk var ei smie for produksjon av låsar som vart skipa av smed og småbrukar Anders Jensson Gjerstad (fødd 1867) på Osterøy i Hordaland i 1887. Fabrikken var i drift til fram i 1950-åra.

Anders Jensson Gjerstad hadde gått i smedlære hjå Elling Larsson Solberg i Haukelia. Verksemda spesialiserte seg på trekklåsar, som Anders Gjerstad hadde patentert og skrive leveringskontrakt på med firmaet Wallendal i Bergen; kontrakten finst på Statsarkivet i Bergen. Då Anders Gjerstad var 21 år, hadde han tre mann i arbeid, og rundt 1900 var det på det meste 7-8 mann som arbeidde i smia. I 1944 tok sonen, Jens Andersson Gjerstad, over, og han dreiv smia fram til han la ned drifta på 1950-talet.

Produkjonslokalet vart kalla Bløddalssmia, og låg på garden Gjerstad, nede ved elva i Bløddalen. Sjølve smia hadde lokale i kjellaren på bygningen, med ei esse med ein blåsebelg driven av eit vasshjul, og låsane vart sette saman i etasjen over smia. Anders Gjerstad bygde smia først; verkstaden oppå smia kom til seinare.

Bløddalssmia med inventar vart i 1974 gjeve til Osterøy museum. Alt det opphavlege utstyret er på plass, verktøy og arbeidsbenkar står slik smia var på den siste arbeidsdagen. Smia gjev difor eit fascinerande nærbilete av denne næringsverksemda, på overgangen mellom handverk og industriell produksjon. Osterøy hadde vorte eit sentrum for smier og metallverkstader frå 1860- åra av, og til liks med Bløddalssmia hadde mange av dei Bergen som marknaden for produkta. Rett etter siste verdskrigen var nærare tjue av dei framleis i drift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]