Gjerstad kyrkje i Aust-Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°52′57.868″N 9°1′11.809″E

Gjerstad kyrkje
kyrkje
Gjerstad kirke 20120826-15.JPG
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Aust-Nedenes
Sokn Gjerstad
Fellesråd Gjerstad
Type langkyrkje
Arkitekt Lars Listøl og Chr.H. Grosch
Teknikk bindingsverk
Material tre
Innvigd 23. januar 1848
 - Endringar 1940, 2004
Klokker 22: 1762 og 1839
Kyrkjegard Attmed kyrkja
Preikestol Illustrasjonar av Einar Dale, 1954
Altartavle Altarskap laga av Arthur Gustavsen, 1941
Orgel Vestre orgelfabrikk, 1971
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Gjerstad kirke

Gjerstad kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1848 som ligg ved Gjerstad i Gjerstad kommune i Aust-Agder med utsyn over Gjerstadvatnet. Kyrkja har 500 sitjeplassar. Ho har to kyrkjeklokker, ei laga i Amsterdam i 1762 og ei frå Tønsberg i 1839.

Kyrkja blei utforma av Christian Heinrich Grosch som ei bindingsverkskyrkje i basilikaform. Det har stått fleire kyrkjer på staden tidlegare, den eldste skriftlege omtalen av ei kyrkje ved Gjerstad er «Gerikstadir kirkja i Visidalir» i Aslak Bolts jordebok frå 1430-talet.

Kyrkja blei restaurert i 2004, då ein tok tilbake mykje av den opphavlege utforminga.

Prestegarden ligg sørvest for kyrkja og kyrkjegarden.

Bilete frå kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]