Gjert Gunnarson Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjert Gunnarson Bakke
Fødd 1786

Gjert Gunnarson Bakke (fødd 1786 i Jondal i Hardanger, døydde om lag 1855 på TjørveLista) var mannen som skapte listerbåten. Han hadde lært båtbygging heime i Jondal. Han kom til Ore på Lista i 1815. For å lære å bygge båtar på austlandske båtar reiste han til Tangvall i Søgne. Han starta arbeidet med å utvikle ein båt som var like god seglar som båtane på Austlandet, og som var like lettrodd som vestlandsbåtar. Han flytte til Tjørve på Lista. Der heldt han fram å bygge båtar. Etter å ha variert utsjånad og eigenskapar til båtane han bygde, enda han til slutt opp med den typen som i ettertid har vorte kalla kalla listerbåt eller listring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid Jondal Bygdeboknemnd 1953
  • Eilert Sundt: Det norske arbeide- Listerbåden. i Folkevennen Bd.14. 1865