Gjesværstappan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 71°8′9″N 25°21′26″E

Gjesværstappan
Foto: David Torras

Gjesværstappan (òg berre kalla Stappan) er ei øygruppe i Nordkapp kommune i Troms og Finnmark. Øyane ligg nord for fiskeværet GjesværMagerøya. Nordfrå er dei tre største øyane Storstappen (høgaste punkt 283 moh) med halvøya Stauren, Kjerkestappen (høgaste punkt 166 moh) og Bukkstappen (høgaste punkt 92 moh). Til saman har dei tre øyane eit areal på om lag 1,6 km². Øyane er fuglefjell, og dei er verna som naturreservat.

Gjesværstappan har den største sjøfuglkolonien i Noreg. Mellom anna har øyane ein stor koloni av lundefugl og den nordlegaste havsulekolonien i Noreg. Òg alke, krykkje, skarv, lomvi, havhest og havsvale hekkar i Gjesværstappan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]