Gjetarfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjetarfuglfamilien


Horngjetarfugl, Anhima cornutaFoto: Leonardo C. Fleck
Horngjetarfugl, Anhima cornuta
Foto: Leonardo C. Fleck

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anhimidae

Stejneger1885

Vitskapleg namn
Anhimidae
Kragegjetarfugl, Chauna torquata
Foto: Dick Daniels

Gjetarfuglar ei ein liten familie av fuglar, Anhimidae. Lenge var dei rekna å vere i slekt med hønsefuglar grunna likhet i nebbet, men dei har verkeleg slektskap til andefamilien, (gjæser, ender og svaner) og kanskje nærast til skjorgås.

Dei tre artane i familien finst berre i Sør-Amerika, frå nordre Venezuela og Colombia sørover til og med Argentina. Dette er store klumpete fuglar med lite hovud, lange bein og lange tær som berre dels har symjehud. Kroppslengda kan bli opp mot 95 centimeter og dei kan vege ca. 5 kilogram.[1] Dei har lange, skarpe sporar på vengeknoken som dei nyttar i stridar om revir og make. Desse kan brekke av i kamp, og har vore funne fast i brystet på rivalar, men sporane veks ut igjen.[1] I motsetnad til ender og gjæser har gjetarfuglar partiell myting som gjer at dei er flygedyktige gjennom heile året.

Generelt lever denne gruppa i lågland der dei beitar på vassplantar. Dette kan vere opne område med vegetasjonsrike myrer som blir overflauma og ved innsjøar med mykje vegetasjon. Dei kan samle seg i større flokkar utanom hekkesesongen, og ein art, kragegjetarfugl, vert rekna som eit skadedyr fordi han tar av jordbruksavlingar og konkurrerer med tamfuglar om føda. Alle tre artar kan halde seg høgt og godt synlege i trekroner i periodar.[1] Dette kan dei òg gjere når dei blir uroa, og vil då skrike høgt frå trea.

Gjetarfuglar legg mellom to og sju egg, med fire eller fem som det typiske. Som hos ender kan ungane springe så fort dei er klekte. Ungane veks opp i eller nær vatn, ettersom dei sym betre enn dei lauper hjelper det dei og til å unngå predatorar. Som ender vert gjetarfuglar prega tidleg i livet. Dette, saman med den enkle dietten, gjer dei eigna som tamfugl. Dei kan fungere som utmerkte varslarar med det kraftige skriket dei gjev når dei merkar noko nytt og potensielt trugande.

Både kragegjetarfugl og horngjetarfugl finst spreidde vidt i leveområdet og dei er ganske vanlege artar. Derimot er svarthalsgjetarfugl relativt sjeldan og derfor rekna som nær trua. Gjetarfuglane er lite jakta trass i at dei lett å få auge på. Dette kjem av at kjøttet er svampaktig med dårleg smak. Det største trugsmålet mot desse artane er øydelegging av habitat og intensivering av jordbruket.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Gjetarfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Anhima

Det meste av nordlege Sør-Amerika aust for Andes og nord for Chile, Argentina og Paraguay.[4]

Slekt Chauna

Sørlege Brasil, austlege Bolivia, nordlege Argentina, Paraguay og Uruguay.[5]
Nordlege Colombia mot Det karibiske havet, i Venezuela ved sørlege Maracaibosjøen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Screamer frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Todd, Frank S. (1991). Forshaw, Joseph. ed.. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. pp. 87. ISBN 1-85391-186-0.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Carboneras, C. (2016). Screamers (Anhimidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52209 on 12 May 2016).
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  4. BirdLife International (2014) Species factsheet: Anhima cornuta. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. desember 2014
  5. BirdLife International (2014) Species factsheet: Chauna torquata. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. desember 2014
  6. BirdLife International (2014) Species factsheet: Chauna chavaria. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. desember 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]