Gjetarbarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gjetarjente)
Gjetargut frå Senegal.

Eit gjetarbarn eller ein gjetarunge, oftast spesifisert som ein gjetargut eller ei gjetarjente, er nemninga på barn som passar på dyr. Dette er ei vanleg form for barnearbeid fordi gjeting er nokså lett arbeid for kvikke ungar.

Gjeting kan likevel vera hardt arbeid og mange gjetarungar har lidd under dårleg vêr og åtak frå rovdyr eller sinte dyreeigar. Samstundes har arbeidet gjeve dei rike opplevingar med dyr og natur.

Gjetargut måla av Sophie Gengembre Anderson.

Gjetarbarn og kultur[endre | endre wikiteksten]

Livet som gjetargut eller -jente er blitt idyllisert av kunstnarar, særleg i romantikken, der dei blei sett på som ein slags naturbarn. Norsk kultur har òg hatt fleire skildringar av gjetarlivet til ungar skildra frå innsida.

Fleire norske forfattarar var gjetarar i barndommen, mellom anna Arne Garborg og A.O. Vinje, som brukte erfaringane til å skriva verk som Haugtussa og «Blåmann».

Det finst gjetargutar i ulike forteljingar, som i fabelen om guten som ropte ulv og Peter i Heidi-romanane av Johanna Spyri.

Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.