Gjetingsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjetingsdalen
Tettstad
none  Frå Gjetingsdalen  (Foto: Guttorm Flatabø)
Frå Gjetingsdalen
(Foto: Guttorm Flatabø)
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Kvinnherad
Postnummer 5476 MAURANGER
Preposisjon i Gjetingsdalen

Gjetingsdalen er ein dal i Mauranger i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke.

Dalelva renn gjennom dalen før ho munnar ut i Maurangsfjorden. Gjetingsdalen fekk vegutløysing i 1986, før det gjekk all frakt av folk og varer i båt på fjorden. Fylkesveg 51 i Hordaland går frå Riksveg 551 i Austrepollen til Eikenes, derfrå og oppover dalen går det kommunal veg.

Gardar i drift[endre | endre wikiteksten]

Det er om lag 10-20 innbyggjarar i Gjetingsdalen i dag, medan det i 1900 var 92 personar som var busette der. I dag er det berre tre gardar att i drift. Andre gardsbruk har i staden vorte fritidsbustader for utflytte og turistar.

Den fyste garden ein kjem til i Gjetingsdalen er rekkjetunet Eikenes som er frå 1778. Bråtun er den neste garden og heilt øvst oppi dalen ligg Bakke. På gardane vert det drive med sau, geiter og storfe.

Kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Dalelva kraft AS vart starta 2010, og har planlagt årsproduksjon på 9.3 gwh/år

Gjetingsdalen Kraft AS vart starta i januar 2007, og har planlagt årsproduksjon på 9.7 gwh/år. Det har også vore planar om fleire kraftverk i dalen.

Skulehuset[endre | endre wikiteksten]

Det gamle skulehuset i dalen vert no nytta som grendehus og brukt til forskjellige møte og samkomer. Blant anna den årvisse påskebasaren.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]