Hopp til innhald

Gjoa Haven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjoa Haven
ᐅᖅᓱᖅᑑᖅ
Land  Canada
Region Kitikmeot
Provins Nunavut
Kart
Gjoa Haven
68°38′00″N 95°52′00″W / 68.633333333333°N 95.866666666667°W / 68.633333333333; -95.866666666667
Wikimedia Commons: Gjoa Haven

Gjoa Haven (inuktitut ᐅᖅᓱᖅᑑᖅ, Uqsuqtuuq) er ein busetnad på øya Qikiqtaq i Nunavut, nord i Canada. Gjoa Haven er den einaste busetnaden på øya. Ved folketeljinga i 2021 hadde Gjoa Haven 1 349 innbyggjarar.[1]

Inuktitutnamnet «Uqsuqtuuq» tyder 'mykje feitt', og viser til dei mange havpattedyra ein kan finna i nærleiken.

Namnet «Gjoa Haven» kjem frå norsk «Gjøahavn». Staden er kalla opp etter «Gjøa», skuta til Roald Amundsen. Amundsen og mannskapet hans overvintra på staden då dei prøvde å finne Nordvestpassasjen.[2]

Gjoa Haven ligg søraust på øya Qikiqtaq (engelsk King William Island) i Kitikmeot-regionen i det kanadiske territoriet Nunavut. Staden har eit areal på 28,47 km², og er den einaste busetnaden på øya.

Området rundt Gjoa Haven har vore folkesett av netsilikinuittar i over tusen år. Dei hadde leirar i området då dei drog på jakt og fiske. Deira fyrste kontakt med europearar skjedde mellom 1829 og 1934 då den skotske utforskaren John Ross og mannskapet hans vart sitjande fast i isen ved Boothiahalvøya. Dei overlevde takka vere netsilikinuittane.[3][2]

I 1903 kom den norske polfararen Roald Amundsen dit. Han kalla staden Gjøahavn, etter skuta si «Gjøa», fordi staden beskytta skuta i løpet av to vintrar. Amundsen og mannskapet på «Gjøa» budde der saman med inuittane, før dei segla vidare og oppdaga Nordvestpassasjen.[3]

Permanent busetnad vart etablert i 1927, då Hudson's Bay Company flytta ein handelspost frå Douglas Bay til den noverande Gjoa Haven. Sjølv etter dette fortsette inuittane den tradisjonelle nomadiske livsstilen sin i lang tid utover 1900-talet. I 1961 budde det berre 110 personar i området. Folketalet har i ettertid vakse, blant anna grunna fleire arbeidsmoglegheitar, helsefasilitetar og utdanning.[2][3]

  1. «Census Profile, 2021 Census of Population Profile table Gjoa Haven, Hamlet (HAM) Nunavut [Census subdivision]». Statistics Canada. 26. april 2022. Henta 10. juni 2022.
  2. 1 2 3 Annelies Pool, Gail Kudelik (2012). «Gjoa Haven». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 15. februar 2018. Henta 14. februar 2018.
  3. 1 2 3 «Gjoa Haven». Nunavut Tourism. Arkivert frå originalen 23. august 2017. Henta 15. juli 2022.