Gjon's Tears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjon's Tears

Fødd29. juni 1998 (25 år)
FødestadBroc
OpphavSveits
Aktiv2011–
Sjangerpop
Instrumentpiano
Verka sommusikar, songar
PrisarMTV Europe Music Award for Best Swiss Act

Gjon Muharremaj (albansk uttale [ɟɔn muharɛmaj], fødd 29. juni 1998 i Broc i Sveits), kjend under artistnamnet Gjon's Tears, er ein sveitsisk songar og låtskrivar med kosovoalbansk bakgrunn.[1] Han skulle ha representert Sveits i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Répondez-moi». Han fekk oppdraget etter å ha vorte internt vald av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.[2] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3] I staden skulle han representere Sveits i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Tout l’Univers».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Muharremaj vart fødd i Broc i vestre Sveits av ein kosovoalbansk far og ei albansk mor frå Tirana.[1][4][5] Han tok artistnamnet Gjon's Tears etter at han rørte bestefaren til tårer då han som niåring song «Can't Help Falling in Love» av Elvis Presley.[6] Som tolvåring i 2010 deltok han i fyrste sesong av talentprogrammet Albania’s Got Talent, og året etter deltok han i Die grössten Schweizer Talente – den sveitsiske utgåva tilsvarande Norske Talenter.[7]

I 2019 stilte Muharremaj opp i den åttande sesongen av The Voice: la plus belle voix  — den franske utgåva av The Voice. Der song han under artistnamnet Gjon’s Tears og hadde artisten Mika som mentor. Han nådde semifinalen.[8]

I 2019 slapp Gjon’s Tears debutsingelen sin, «Babi». Songen har eit tungt innslag av pianospel og indiepop med ein albansk stil. Songen har engelske vers og albansk refreng.[9]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I 2020 vart Gjon's Tears vald til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2020. Han skulle ha delteke med songen «Répondez-moi», eitt av 515 bidrag som vart sendt inn til den sveitsiske kringkastaren SRG SSR. Gjon's Tears og songen vart vald av to juryar: ein publikumsjury på 100 personar og ein internasjonal jury beståande av 20 musikkekspertar.[10] Han skulle ha delteke i semifinale 2 som skulle ha vore halden i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[11]

I staden vedtok kringkastaren SRF at Gjon's Tears skulle representere Sveits i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Tout l’Univers».[12][13]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Gjon's Tears-Biografia». teksteshqip.com (på albansk). Henta 4. mars 2020. 
  2. «Switzerland picks Gjon's Tears with French 'Repondez-moi' for Rotterdam». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. Farren, Neil (4. mars 2020). «Switzerland: Gjon's Tears to Eurovision 2020». Eurovoix. 
  5. «Gjon's Tears et Léonard se qualifient pour les quarts de finale de The Voice». La Gruyère (på fransk). 19. mai 2019. Henta 4. mars 2020. 
  6. «Répondez-moi! Gjon's Tears will represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  7. «Gjon Muharremaj, shqiptari që befasoi jurinë e “The Voice” në Francë me zërin e tij». telegrafi.com (på albansk). 22. mai 2019. Henta 4. mars 2020. 
  8. «Will Gjon's Tears represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 28. februar 2020. Henta 4. mars 2020. 
  9. «Will Gjon's Tears represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 28. februar 2020. Henta 4. mars 2020. 
  10. «Switzerland: Gjon's Tears to Eurovision 2020 with "Répondez-moi"». 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  11. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  12. «Switzerland: Gjon's Tears Will Go To Eurovision 2021» (på engelsk). 20. mars 2020. Henta 21. mars 2020. 
  13. «Gjon's Tears presents 'Tout l‘Univers'» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021.