avisa Glåmdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Glåmdalen (avis))

Glåmdalen er ei dagsavis som kjem ut seks dagar i veka i Kongsvinger. Avisa har eit stadfesta nettoopplag på 20 893 (2002). Hovudredaksjonen ligg i Kongsvinger, med distriktskontor i Solør, Skarnes og Nes.

Glåmdalen dekkjer dei sju Glåmdalskommunane Kongsvinger, Eidskog, Grue, Åsnes, Våler, Nord-Odal og Sør-Odal. Alle desse kommunane ligg i Innlandet fylke. I tillegg kjem Nes kommune i Akershus fylke. Avisa inneheld eige ungdomsbilag, Peppar, kvar tysdag. Etter å ha hatt vanleg gratis nettavis i nokre år, byrja Glåmdalen i 2004 å òg tilby abonnement på PDF-utgåve av den trykte avisa. Sidan har PDF-avisa òg vorte mogleg å kjøpe einskildvis.

Hovudredaksjonen ligg i Kongsvinger, med distriktskontor i Solør, Skarnes og Nes. Glåmdalen er òg deleigar i lokalradiostasjonen Radio Kongsvinger.

Redaktør[endre | endre wikiteksten]

Sjefredaktør i avisa er Erling Brøndmo (2010). Tidlegare redaktørar har vore:

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: 20 033 [1]
  • 2007: 19 848 [2]
  • 2008: 19 370 [3]
  • 2009: 19 070 [4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Egil Sørli: «Fra småbyavis til distrikts-organ: Glåmdalen 1926-76», 1976.
  • Guri Hjeltnes: «Avisoppgjøret etter 1945», 1990.
  • Sigurd Høst: «Aviskonkurransen - nye og gamle teorier belyst gjennom A-pressens utvikling», 1996.
  • Aksel Zachariassen: «Spennende år: fra krig til krig med ord og penn », 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]