Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Glücksborgske slekta)
Våpenskjoldet til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg

Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (dansk Slesvig-Holsten-Sønderborg-Lyskborg) er namnet på det nord-tyske fyrstehuset som regjerer i Noreg, Danmark og Storbritannia, og tidlegare regjerte i Hellas.

Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg er eigentleg ei linje av Fyrstehuset Oldenburg.

Fyrstehuset kom til kongsmakt med kong Kristian IX av Danmark. Den tidlegare greske prinsen av Hellas og Danmark, hertug Philip av Edinburgh, gift med dronning Elizabeth II av Storbritannia, var også medlem av fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, og kong Charles III av Storbritannia høyrer dermed òg til dette fyrstehuset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]