Glads mølle
Hopp til navigering
Hopp til søk

«Akerselva ved Beierbrua med Glademøllen». Litografi av Peter Frederik Wergmann (1802-1869).
Glads mølle eller Nedre papirmølle, er ein tidlegare fabrikkbygning som ligg ved Beyerbrua og Vøyenfossen, Akerselva i Oslo. Gateadressa er Sandakerveien 10.
Bygninga er frå 1736 og blei reist av handelshuset Collett & Leuch som papirmølle, i åra 1748–98 som ein del av Bentse Brug.
I 1798 tok Frederik Glad over mølla og ho fekk namn etter han. Mot slutten av 1870-åra opphøyrde drifta og i 1880 vart ho tatt over av Hjula Væverier.
Glads mølle er rekna som Oslos eldste bevarte industribygning. Ho er bygd panelt tømmer med høg underetasje av mur og høgt mansardtak med arker. Bygninga er freda.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 71 og 204, ISBN 978-82-573-1760-7
- Glads mølle i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Denne artikkelen bygger på «Glads mølle» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mai 2014, revisjon