Glamox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glamox

Fabrikken i Molde.
Foto: Cato Edvardsen (2012)
BransjeIndustriell produksjon
HovudkontorMolde kommune
LandNoreg
Nettstadhttp://glamox.com/
Hovudkontoret til Glamox ligg i denne kontorbygningen i Nydalen i Oslo.

Glamox er ein norsk produsent og leverandør av ljosrøyrarmatur og elektriske varmeomnar. Føregangaren til Glamox, L/L Maskin-EL, vart stifta av gründaren Birger Hatlebakk, i Trondheim, i 1947. I 1948/49 utvikla Hatlebakk ein unik prosess som gjorde det råd å framstille ljos- og varmereflektorar av aluminium. Namnet Glamox kjem frå «GLAtt Matt OXidised», som syner til denne prosessen. I 1951 vart namnet på føretaket endra til Glamox.[1] I 1957 vart produksjonen flytta frå Trondheim til Molde.

I dag er Glamox eit etter måten stort føretak i norsk målestokk, med om lag 2200 tilsette og ein omsetnad på 3,3 milliardar NOK (2021).[treng kjelde]

Glamox produserer hovudsakleg lysarmatur for industri, skipsfart, oljeverksemd og næringsbygg. Føretaket har fabrikkar i Tyskland, Estland, Kina og Canada i tillegg til i Noreg. Den største fabrikken ligg i Molde, der Birger Hatlebakk stifta Glamox i 1957.

Glamox Luxo har fabrikk i Kirkenær i Grue kommune med om lag 50 tilsette som produserer armbaserte lampar.[2] Luxo vart kjøpt i 2009.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Linder, Mats (22. januar 2023). «Glamox». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Effektivisering i alle ledd. Kongsvingerregionen.no. Vitja 18. juli 2020. «I dag har virksomheten om lag 50 tilsatte [...] Grue-bedriften, som er den eneste i Glamox Luxo-familien som lager armbaserte produkter»
  3. Norske Luxo saksøker Pixar. Stavanger Aftenblad. Vitja 18. juli 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glamox