Glasialleire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Glasialleire eller ishavsleire er leire avsett i havet under arktiske tilhøve, gjerne nær ein iskant. Omgrepet vert særleg nytta om leirar som er avsett føre breane under istider og innlandsisar.

I Noreg kjenner ein glasialleire (yoldia- og bathyarcaleire) frå slutten av siste istida i dei områda som dengong låg under havnivået, men seinare er vorte heva (særleg omkring Oslofjorden og Trondheimsfjorden). Ved SandnesJæren finst glasialleire frå eit tidlegare stadium av siste istida. Glasialleire inneheld opphavleg saltvatn, og når saltet blir vaska ut, kan ein få kvikkleire som kan gli ut og skape store skadar. Glasialleire inneheld oftast mykje kalk og gjev eit godt jordsmonn. Ein eigen type glasialleire, avsett i brakkvatn, er varvig leire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]