Glass Spider-turneen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glass Spider-turneen
Turné av David Bowie
David Bowie (1987).jpg
Bowie vert senka ned frå edderkoppen i taket under opningssongen «Glass Spider» i Rock am Ring – 7. juni 1987
Stad Europe
Nord-Amerika
Australia
New Zealand
Tilknytt(e) album Never Let Me Down
Startdato 30. mai 1987
Sluttdato 28. november 1987
Talet på konsertar 27 i Europa
44 i Nord-Amerika
15 i Oseania
86 totalt
Bilettsal 86 million USD
Konsertkronologi
Serious Moonlight Tour
(1983)
Glass Spider-turneen Sound+Vision Tour
(1990)
Konsertkronologi for Tin Machine
Glass Spider-turneen Tin Machine-turneen
(1989)

Glass Spider-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie i 1987 etter han gav ut albumet Never Let Me Down. Turneen byrja i mai 1987 og vart marknadsført av ein to veker lang presseturné der Bowie vitja ni land gjennom Europa og Nord-Amerika. Glass Spider-turneen var den første Bowie-turneen som vitja Austerrike, Italia, Spania, Irland og Wales. Turneen vart sponsa av Pepsi og det var meininga at turneen skulle vitje Russland og Sør-Amerika òg, men desse planane vart seinare avlyste. Turneen var på det tidspunktet den lengste og dyraste turneen til Bowie til då. På den tida vart dei omfattande kulissane nytta under turneen kalla «det største turnésettet nokon gong».[1]

Bowie ønskte at turneen skulle vere eit teatralsk show, og inkluderte talte monologar til somme av songane, vignettar og visuelle knep som projiserte videoar, teatralsk lyssetting og kulissar. På scenen hadde Bowie med seg gitaristen Peter Frampton og ein trupp på fem dansarar (koreografert av den mangeårige samarbeidspartnaren Toni Basil). Med temaet «Rockestjerner kontra røyndom», vart showet delt inn i to akter og eit ekstranummer. Setlista vart modifisert i løpet av turneen etter kvart som Bowie droppa somme av dei nyare songane sine for eldre songar i repertoaret sitt.

Turneen fekk generelt dårleg kritikk på den tida og vart rekna for å vere overblåst og pretensiøs. Trass i kritikken sa Bowie i 1991 at det la grunnlaget for seinare suksessrike, teatralske turnear av andre artistar, og at designet av kulissar og integrasjonen mellom musikk og teater seinare inspirerte ei rekkje andre artistar. Frå og med seint i 2000-åra byrja turneen å få god omtale for suksessen sin, og i 2010 vart turneen kalla ein av dei best designa konsertturnane gjennom tidene.

Turneen gjekk godt og hadde høge publikumstal, og kan ha blitt vitja av så mange som seks millionar fans verda over, men den dårlege kritikken av albumet og turneen førte til at Bowie gav opp planane om andre utførlege sceneshow, og han måtte i tenkeboksen for korleis han skulle lage musikk framover. Turneen vart kalla opp etter ein song på albumet, «Glass Spider», og framføringar på turneen kom ut på VHS-videoen Glass Spider (1988, gjeve ut på DVD i 2007).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Førebuinga for turneen byrja så tidleg som i 1986, då Bowie ba bandet sitt «vere klar for neste år.»[2] Bowie var i starten stille om planane sine for turneen og sa berre «Eg skal gjere denne scenegreia neste år, som eg er utruleg spent på, fordi eg skal ta sjansar igjen.» Då han vart spurt om fleire detaljar svarte han «Nei! [ler.] Det er for mange artistar som er der ute. Eg skal berre gjere det eg alltid gjer, som er å gjere det interessant.»[3]

«Eg har ikkje ete, sove eller tenkt på noko anna enn denne showet dei siste seks månadane.»[4]

—David Bowie, juni 1987 i London

Då turneen vart annonsert la Bowie ut på ein presseturné som dekka ni land på to veker, inkludert Canada, USA og sju land i Europa. Presseturneen inkluderte små konsertar, vanlegvis på mindre stader med kring 300 menneske i publikum, og lokale fans fekk ofte lov til å delta.[2] Han nytta høvet til å lære pressa om albumet og turneen, og dei mange intervjua let han rette opp feilinformasjon. På pressekonferansen i London oppklarte han «Eg sa ikkje 'lys, kostyme og sex,' det eg sa var 'lys, kostyme og teatralske sett' » som svar på eit spørsmål om kva publikum kunne vente seg under konsertane.[5] Presseturneane omfatta framføringar av somme av songane på Never Let Me Down.

Bowie fekk med seg den mangeårige venen Peter Frampton på turneen. Frampton sa «Eg har ikkje ei bok å selje. Eg har ikkje eit album å selje. Eg er berre her som gitarist. Det er ikkje noko press. Eg kosar meg.» Frampton og Bowie hadde kjend kvarandre sidan tenåra då dei begge gjekk på Bromley Technical School, der far til Frampton, Owen Frampton, var kunstlæraren til Bowie.[6]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bowie hadde eit klart mål for denne turneen: å gå attende til det teatralske han hadde gjort ein kort periode i 1974 under Diamond Dogs-turneen.[7] Han ønskte at denne turneen skulle vere «ultra-teatralsk, ein kombinasjon av musikk, teater og rock»,[8] og meinte at den tidlegare turneen hans hadde gått bort frå det teatralske han ønskte, sjølv om det hadde vore ein suksess.

Bowie sa «For Serious Moonlight-turneen i 1983 kom promotørane og sa 'Høyr her David, me har flytta deg frå denne salen som tar 10 000 sete til denne som tar 30 000 sete' ... og det voks og voks til det var 60 000 sete. La oss redusere det teatralske og verkeleg gje dei songane dei har høyrt på radio dei siste 15 åra - songar som dei truleg ikkje visste kom frå heile katalogen til denne karen. Men under denne turneen meiner eg at publikum no alt veit dette. Det eg har lyst til å gjere no er å la songane arbeide for framføringa. Det vil garantert bli nokre obskure songar her, i det minste for det generelle publikummet. Det vil bli songar frå album som ikkje var store album, men no vil desse songane faktisk passe inn i seksjonar av showet. Så når du set tre songar i lag, kan du skape ein vignett som fungerer. Det har ei byrjing og ei avslutning og omhandlar eitt tema.»[7]

Bowie indikerte at han «kjende på vatnet» med denne turneen, og vurderte potensielt andre store, liknande sceneshow om turneen vart ein suksess: «Songane må fungere i showet. Det er ikkje showet som arbeider for songane, om du forstår kva eg meiner. Det er derfor det er så annleis. Og det er det som gjer det så spanande, fordi det er eg slik eg eigentleg likar å arbeide. Eg meiner, eg likar å lage eit show. Eg har ei showbok som er nesten som Bibelen du har når du arbeider på eit skodespel. Det er skrive og strukturert kring ulike tematiske grep. Uheldigvis er det i revyform fordi ingen av songane er skrivne for showet. Det er sjølvsagt det ultimate. Om dette fungerer slik eg håpar, er det neste steget for meg å skrive eit stykke spesifikt for arenaer og stadion, som er nesten som å ta ein musikal på vegen der det går ein raud trå gjennom det heile, med ei bestning i roller, skriven som eit episk teaterstykke.»[7]

Bowie valde at temaet for showet skulle vere «realitet og urealitet i rock,»[8] eller som ein kritikar kalla det, «rockestjerner kontra røyndom».[9] Bowie sa «Det handlar ikkje berre om ein rockesongar. Det handlar om rockemusikk, så det har mykje å gjere med publikum og korleis dei omfattar rock, og rockefigurar og alle klisjeane, arketypane og stereotypane, og familieforhold.»[8]

Under sjølve showet nytta Bowie ei rekkje rekvisittar: «Eg prøver verkeleg å gjere mykje greier! Det omfattar rørsle, dialog, filmfragment, projiserte bilete. Det er det som vart kalla multimedia i 1960-åra.»[8] Bowie skildra korleis han sette saman showet og sa «IDeen var å lage surrealistiske eller minimalistiske scenestykke som akkompagnerte rockesongar. Eg ønskte å knyte saman eit slags symbolistteater og moderne dans. Ikkje jazzdans, og sanneleg ikkje MTV-dans, men noko som meir inspirerte folk som Pina Bausch og ein Montreal-gruppe kalla La La La Human Steps. Det er somme symboliststykke, somme minimaliststykke, nokre vulgære stykke òg - og noko er beint fram vaudeville.»[10]

Då Bowie vart spurt om kva han tenkte at publikum venta seg av han på denne turneen sa han: «Eg tenkjer dei har kome for å sjå om eg fell ned eller noko slikt. Eg veit sanneleg ikkje. Eg veit at dei får det dei reknar for å vere ei verkeleg god framsyning. Eg tenkjer at i løpet av åra har eg bevist at eg gjer mitt beste for å gje dei ein ny visjon av musikalsk informasjon på scenen. Så eg tenkjer at det truleg er eit element av det, men eg kan ikkje gå lenger enn det. Eg veit sanneleg ikkje kva dei ønskjer frå meg. Eg har eigentleg aldri klart å skrive for dei. Eg har bere skrive og framført det som interesserer meg. Så i røynda har dei ein avtale med meg og det er flott. Eg meiner, eg har mista publikum mange gonger i løpet av åra, og dei har kome attende igjen av ein eller annan grunn. Eg har ein slags gjensidig avtale med dei. Om det ikkje går så bra, så held dei seg borte. Som er ein ærleg sak.»[11]

Bowie koordinerte visstnok delar av turneen via epost, som var sjeldan seint i 1980-åra.[12]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Bowie valte å spele mindre kjende songar på turneen og unngjekk somme av dei største hittane sine.[9][13] Han ønskte ikkje å repetere formatet frå Serious Moonlight-turneen og sa «Det verkar så lett. Det var jubel frå starten av. Du veit korleis du skal få ein reaksjon - spel 'Changes,' 'Golden Years' og dei sprett opp på beina sine. Du får reaksjonen, tek pengane og går vidare. Det verkar får lett. Eg ønskjer ikkje å gjere det ein gang til.»[14] I eit anna samtidig intervju sa han «Eg kjem ikkje til å gjere 'Star' igjen. Den var ganske vanskeleg. Eg trur ikkje eg kjem til å gjere mykje frå Ziggy på denne turneen. Eg kjem truleg til å spele mykje frå midten av 1970-åra, men ikkje meir tunge ting som 'Warszawa.' Eg har prøvd det og det var litt gjespande. Det var ein eg nynna for meg sjølv her ein dag, 'Sons of the Silent Age!' Så det er for meg ein ny song. Eg har aldri spelt den på scenen før.»[15] «Sons of the Silent Age» vart framført på alle konsertane på turneen.

Alle utanom to songar («Too Dizzy» og «Shining Star (Makin' My Love)») frå albumet Never Let Me Down vart framførte i løpet av turneen, sjølv om «Shining Star» var blant songane som vart øvd inn. Andre songar som vart øvde inn, men ikkje framførte var «Because You're Young» og «Scream Like a Baby», begge frå Scary Monsters (And Super Creeps) (1980).[2] Fleire songar som Bowie hadde venta å spele på turneen vart skrinlagde før øvingane kom i gang, som «Space Oddity» (frå David Bowie (1969)), «Joe the Lion» (frå "Heroes" (1977)), «Ricochet» (frå Let's Dance (1983)) og «Don't Look Down» (frå Tonight (1984)).[15]

Songane vart «valte ut fordi dei passa framsyninga»[5] og passa målet til Bowie om å lage eit show som var mykje meir teatralsk med eit sterkt dramatisk innhald. Då han vart spurt om korleis han skulle skape rockeshowet sitt meir «dramatisk» svarte han «Du vil bli overraska over kva du kan gjere med eit seks mann stort rockeband og ein scene og eit par lys.»[16]

Scenografi[endre | endre wikiteksten]

Bowie på scenen på Rock am Ring – 7. juni 1987

Scenografien på under turneen vart på den tida «den største scenografien for ein turné nokon gong,»[1] og vart designa til å sjå ut som enorm edderkopp. Han var 60 fot (18,3 m) høg, 64 fot (19,5 m) brei og omfatta enorme bein av vakuumrøyr som vart oppløyste frå innsida av med 6 meter høge fargeskiftande lys.[10][17] Det måtte 43 lastebilar til å for flytte eit enkelt sett, som var estimert til å vege 360 tonn.[10] Videoskjermar på 5 x 6 meter synte video og bilete frå showet til dei i publikum som var lengre unna scenen.[18] Systemet kravde at showet inkluderte to separate lydsystem, 260 høgtalarkabinett, tusen lys (med ein samla effekt på 600 000 watt)[2] og tre datamaskinar.[19] Mark Ravitz, som var scenograf, hadde tidlegare designa Diamond Dogs-turneen i 1974.[20]

Dette var den første turneen til Bowie der det fanst trådlaus mikrofonteknologi, som gjorde at Bowie kunne flytte seg fritt på scenen under konertane.[2] Dette gjorde at han kunne samhandle med dansarane og musikarane meir fritt. Settet bestod derfor av eit tre etasjar høgt mobilt stillas der Bowie og dansarane stundom klatra på under showet.[21]

Kvart sett kosta ti millionar amerikanske dollar.[4][22] Bowie sjølv investerte ti millionar av sine eigne pengar for å finansiere turneen,[1] og han betalte éin millino dollar i veka[6] i løn til dei 150 personane som sette opp og tok ned dei tre setta som vart nytta under turneen.[4][19] I Philadelphia, der turneen opna i USA, vart sette skildra å ta «300 menneske fire dagar» å byggje.[23]

Kring halvvegs under den første delen av turneen i Europa, oppdaga Bowie at den komplette edderkopp-settet var så stort at det ikkje passa i dei fleste innandørshallane. Han sa «det ville ha kosta meg mellom 500 000 og 600 000 dollar å endre settet nok til å ta det innandørs. Eg kan komme til å få laga eit mindre innandørssett i løpet av turneen.»[11] Han bestilte faktisk eit tredje, noko mindre sett (kalla «Junior Bug»-settet) som skulle nyttast innandørs, som i Madison Square Garden i New York.[6]

Bowie meinte at heile settet var ein metafor for livet, og skildra scenen som å ha «kjensla av eit skip på ei reise, med rigging og klatring og tau. I botnen er det eit sirkelforma område som i eit sirkus, så det er verkeleg frå fødselen og reisa gjennom livet.»[24]

Øvingar[endre | endre wikiteksten]

Bowie samla bandet tidleg i 1987 og fekk med seg fem dansarar som var koreografert av den mangeårige venen til Bowie, Toni Basil. Bandet og dansarane brukte opp til 12 timar kvar dag i New York før dei flytta til europa. Bowie filma musikkvideon for singelen «Time Will Crawl» under desse øvingane og synte nokre av danserutinane dei kom til å nytte under framføringane av «Loving the Alien» (1985), «Fashion» (1980) og «Sons of the Silent Age» (1977).[25]

Det vart gjort øvingar med det fulle Spider-settet i Ahoy arena i Rotterdam den 18. mai, før dei flytta til De Kuip stadion for generalprøvar (27. og 28. mai).[26][27]

Bowie sa at han såg etter dansarar som ikkje såg ut som dei typiske MTV-dansarane og som kjende både amerikansk gatedans og europeisk performancekunst.[24] Opphavleg hadde Bowie håpa å få Édouard Lock frå La La La Human Steps med seg i showet, men gruppa var oppteken med andre ting. Bowie sa seinare at turneen kunne ha blitt annleis om La La La Human Steps hadde vore involvert. La La La Human Steps koreograferte den neste turneen til Bowie, Sound+Vision-turneen i 1990.

Konserten[endre | endre wikiteksten]

Showet var delt inn i to delar og inkluderte eit planlagt ekstranummer. Bowie kom på scenen under songen «Glass Spider», der han vart senka ned frå taket i ein sølvstol og syngjande inn i ein telefon. Den første vignetten i showet byrja med «Bang Bang», der Bowie tok ein person opp frå publikum, berre for å bli avvist av personen, som mot slutten av songen viste seg å vere ein av dansarane hans. Seinare i showet, for songen «Fashion», truga dansetruppen Bowie med ein gatekamp, som han mot slutten av songen tilfeldigvis vinn. For «Never Let Me Down», som Bowie kalla «ru»,[28] var han inspirert av minimalist-koreografen Pina Bausch. Han sa: «Eg ønskte ei rett rørsle som starta opp og som kjem heilt ned og ikkje varierer. Eg er på knea mine med armane mine i ei slags tvangstrøye, og kryp rundt i tre og eit halvt minutt. Ei jente er med meg, som om ho går tur med eit dyr i ein park, men ho har ein sylinder på ryggen og av og til gjer ho meg oksygen. Det kjennes særs vernande ut, eit trist image, og det kjendes rett for songen.»[10]

For del to kom Bowie fram i stillaset på scenen under «'87 & Cry», flaug gjennom lufta i ein rappelleringssele, og vart så bunden av opprørspoliti. Ved minst eitt høve vart flysegmentet av songen droppa på grunn av feil på settet. Filen som vart vist bak Bowie under «'Heroes'» vart filma av Bowie då han var i Russland i 1974.

Ekstranummeret starta typisk med songen «Time», der Bowie dukka opp på toppen av hovudet til edderkopen med englevengjer bak seg, 20 meter over publikum. Songen vart stundom fjerna frå setlista under utandørskonsertar når dårleg vêr gjorde det for farleg å gå rundt på toppen av edderkoppen..[2][17][29]

Kostymedesign[endre | endre wikiteksten]

For den første delen gjekk Bowie kledd i ein ei drakt med ei fjerdedels lengd på tre fjerdedeler med raud skjorte og bukser[2] designa av Diana Moseley.[30] Kostymet bestod av Chelsea-støvlar med sølvdetaljar på hælen og tåa.[31] Eit av kostyma som Bowie gjekk kledd med for del to, signert av Bowie, vart lagt ut for auksjon den 21. mai 2016[32] og vart selt for 37 500 amerikanske dollar.[33] For ekstranummeret hadde Bowie eit kostyme som bestod av ein dress av gull-lamé og cowboystøvlar med gullvengjer. Ein av desse dressane, òg signert av Bowie, vart selt på ein Sotheby's-auksjon i 1990 for 7 000 dollar, fleire gonger meir enn den venta prisen.[34] Det same kostymet vart igjen lagt ut for auksjon i desember 2016 og vart selt for 32 500 dollar.[35]

Setliste[endre | endre wikiteksten]

På turneen spelte bandet typisk kring to og ein halv time med eit sett som varierte litt frå kveld til kveld.

Tidleg europeisk setliste

Del 1
  1. «Up the Hill Backwards»
  2. «Glass Spider»
  3. «Up the Hill Backwards (reprise)»
  4. «Day-In Day-Out»
  5. «Bang Bang»
  6. «Absolute Beginners»
  7. «Loving the Alien»
  8. «China Girl»
  9. «Fashion»
  10. «Scary Monsters (and Super Creeps)»
  11. «All the Madmen»
  12. «Never Let Me Down»
  13. «Big Brother»

Sein europeisk/amerikansk/australasiatisk setliste

Del 1
  1. «Up the Hill Backwards»
  2. «Glass Spider»
  3. «Up the Hill Backwards (reprise)»
  4. «Day-In Day-Out»
  5. «Bang Bang»
  6. «Absolute Beginners»
  7. «Loving the Alien»
  8. «China Girl»
  9. «Rebel Rebel»
  10. «Fashion»
  11. «Scary Monsters (and Super Creeps)»
  12. «All the Madmen»
  13. «Never Let Me Down»
  14. «Big Brother»

Del 2
  1. «'87 & Cry»
  2. «"Heroes"»
  3. «Time Will Crawl»
  4. Bandintroduksjon
  5. «Beat of Your Drum»
  6. «Sons of the Silent Age»
  7. «New York's in Love»
  8. «Dancing with the Big Boys»
  9. «Zeroes»
  10. «Let's Dance»
  11. «Fame»

Del 2
  1. «'87 & Cry»
  2. «"Heroes»"
  3. «Time Will Crawl»
  4. Bandintroduksjon
  5. «Young Americans»
  6. «Beat of Your Drum»
  7. «Sons of the Silent Age»
  8. «The Jean Genie»
  9. «White Light/White Heat»
  10. «Let's Dance»
  11. «Fame»

Ekstranummer
  1. «Time»
  2. «Blue Jean»
  3. «I Wanna Be Your Dog»
  4. «Modern Love»

Ekstranummer
  1. «Time»
  2. «Blue Jean»
  3. «I Wanna Be Your Dog»
  4. «Modern Love»

Merknader og endringar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein lengre trommesolo skilde del 1 og del 2 slik at Bowie fekk tid til eit kostymeskifte.
  • Bowie spelte ofte lengre og kortare versjonar av «Fame» avhengig av korleis publikum reagerte på delar han inkluderte av songane «Lavender's Blue», «London Bridge», «War» og «Who Will Buy?».
  • «White Light/White Heat» og «Fame» vart framførte under ekstranummera på somme konsertar.
  • «I Wanna Be Your Dog» vart berre framført av og til på turneen.
  • «New York's in Love» vart droppa etter 10. juni (Milanoo i Italia).
  • «The Jean Genie» vart lagt til 8. juli (Barcelona i Spania).
  • «White Light/White Heat» og «Young Americans» vart lagt til og «Zeroes» fjerna den 11. juli (County Meath i Irland).
  • «Rebel Rebel» vart lagt til og «Dancing with the Big Boys» fjerna 30. juli (Philadelphia, USA).[2]

Oppvarming[endre | endre wikiteksten]

Oppvarmingsartistane varierte frå land til land.[36] I Nord-Amerika vart oppvarmingsartistane på somme konsertar Duran Duran eller Siouxsie and the Banshees.[37] I Europa var oppvarmingsartistane mellom andre Iggy Pop, Big Country, The Cult, Erasure, The Stranglers og Nina Hagen. Turneen spelte òg på musikkfestivalar, og ved eitt høve var The Eurythmics hovudartist ein kveld og Bowie den neste.[2]

Turnéhendingar[endre | endre wikiteksten]

Turneen gjekk hardt fysisk ut over Bowie. Ikkje berre vart han merkbar tynnare i løpet av turneen,[2] men han var utsliten sjølv før turneen kom i gang: «Eg trur turnear som dette er særs farlege fordi dei er så slitsame. Berre presset kring det å organisere det heile, og det er ikkje lenger eit show, det er ei hending. Sjølv før du dreg ut er du heilt ferdig. Det er så mange folk som spring rundt og alle gjer noko og folk gløymer å delegere jobbane til dei rette folka, og det er mykje forvirring og på eit eller anna vis skal alt kome saman.»

Eit moderne flyfoto av De Kuip, der turneen til Bowie opna.

Turneen gjekk på store spelestader, og i Europa vart det spelt både innanørs og utandørs, på store sletter.[2] Michael Clark, ein lysteknikar for turneen, døydde på Stadio Comunale i Firenze i Italia den 9. juni etter at han falt ned frå stillaset før konserten kom i gang.[25] Dagen etter, den 10. juni, fall ein annan arbeidar (utan dødelege skadar) då han var med å bygde settet i Milanoo. Ein stor fanskare, som hadde overnatta utafor spelestaden, gjorde opprør og måtte kontrollerast av politiet.[2][38] Begge konsertane i Roma (den 15. og 16. juni) hadde liknande opprør blant fans som ikkje fekk tak i biletttar og støytte saman med politiet. På den andre konserten måtte Bowie syngje gjennom tåregass då 50 menneske vart arresterte og 15 politimenn skadde under opprøret.[39] Då flyet til bandet skulle forlate Roma etter konserten den 16. juni, førte ein bombetrugsel til at flyet måtte vende attende til flyplassen, før ein fann ut at det var den lokale politisjefen som hadde brukt det som eit triks for å få autografen til Bowie. Bowie sa om hendinga «Eg vart meir sjokkert enn fornærma - dette kunne berre ha skjedd i Italia!!»[40] Konserten den 27. juni skulle opphavleg gå på Ullevi i Göteborg, i Sverige, men måtte flyttast til Eriksberg i Hisingen, like i nærleiken fordi ein tidlegare konsert med Bruce Springsteen på Ullevi stadion hadde gjort skadar for 2,7 millionar dollar. Ein fan som prøvde å kome seg inn bak sceneområde i Slane Castle ved å symje over River Boyne, drukna like før konserten 11. juli.[2]

Ein gong under den europeiske delen av turneen, reiv gitaristen Carlos Alomar av eit leddband i foten, og han måtte endre scenekarakteren sin. Alomar sa «[eg måtte endre karakteren min til denne galne, haltande Mad Max-aktige personen med piggete hår. Eg drog til ein kiropraktor og bad han om å gje meg alle desse metallgreiene -- beinstøtter, ryggstøtter og alt slikt. No la eg til meir metall etter kvart som showet pågjekk.»[41]

Bowie fekk stundom besøk av kongelege som anten kom bak scenen eller berre var i publikum. Det var mellmo andre prinsesse Diana på den andre konserten på Wembley stadion, Sarah, hertuginna av York i Sunderland og dei danske prins Joachim og kronprins Frederik i Stadt Park.[2]

Glass Spider-turneen var første gongen Bowie spelte i Austerrike, Italia, Spania, Irland og Wales.[2] Somme av utandørskonsertane i Storbritannia måtte starte tidleg på grunn av portforbodslover (eit problem ein vanlegvis unngjekk andre stader i Europa), og det reduserte effekten av lyssettinga på scenen, noko som plaga Bowie ein heil del.[2][24]

Under den nordamerikanske delen av turneen hevda ei 30 år gammal kvinne frå Dallas, Wanda Nichols, at Bowie hadde forgripe seg på henne seksuelt på Mansion Hotel etter ein konsert i Reunion Arena i Dallas.[42] Bowie nekta for alle skuldingane og kalla dei «latterlege.» Han sa at Nichols var med han på hotellrommet, men at det som skjedde mellom dei var med hennar samtykke. Ei talskvinne for Assistant District Attorney Hugh Lucas sa den 18. november 1987 at ein storjury i Dallas County avviste skuldingane mot Bowie etter å ha høyrt på vitneforklaringar i to timar den 11. november.[43][44]

Billettsal[endre | endre wikiteksten]

Etterspurnaden for billettar til turneen var stor. Konerten 3. september på Sullivan stadion i Massachusetts sette ny rekord for å bli raskast utseld på spelestaden, men denne rekorden vart slått The Who i 1989 då 100 000 bilettar til to konsertar vart selde på åtte timar.[45] På ein spelestad selde Bowie billettar verdt tre millionar dollar til tre konsertar på 90 minutt.[46] Konserten sette ny publikumsrekord i Ottawa i Ontario i Canada på den tida.[47] Førehandssalet for den australske delen av turneen var på 8,6 millionar dollar, noko som var meir enn Michael Jackson sin Bad-turné.[48]

Skribentar har estimert at då turneen var over hadde mellom to og tre millionar menneske,[49] i eit esitmat så mange som seks millionar,[6] sett turneen verda over.[2]

Fire av konsertane var blant dei to mest innbringande konsertane i USA i 1987, og mot slutten av turneen vart det estimert at han hadde henta inn meir enn 50 millionar dollar.[49] I 1991 vart estimert at kvar konsert på turneen hadde tent inn kring éin million dollar,[50] som utgjorde kring 86 millionar dollar for heile turneen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske delen av turneen vart stort sett kritisert av media,[2][51] sjølv om det òg var somme positive meldingar.[1][23] Chris Roberts skreiv i Melody Maker at det var «overveldande gruppepress» blant kritikarkollegaene hans om å skrive negativt om turneen.[52] Bowie var frustrert over korleis meldingane i Europa endra seg frå å vere positive til å bli negative, og skulda på at det i starten av turneen var somme utandørskonsertar som vart dårleg motteke. Han sa «den største feilen som vart gjort på turneen var å spele i dagslys. Heile årsaka til heile showet gjekk tapt.» Han merka seg at meldingane for innandørskonsertane (der lyssettinga kom meir til sin rett) fekk betre omtale.[53]

Amerikansk media var snillare, og aviser i Orlando i Florida og Boston i Massachusetts skreiv positive meldingar.[6][14] The Philadelphia Inquirer og Chicago Tribune var begge middels nøgde i sine meldingar av konsertane i Philadelphia og Chicago.[29][54] Meldinga for den første konerten til Bowie i New York var stort sett negativ, der showet vart kalla «spektakulært», men «overkill dominerer» og det vart klaga på «ein svimlande overlast av visuell aktivitet.»[21] Ei melding i Christian Science Monitor var stort sett positiv og la vekt på det blendande visuelle, men klaga på at dansinga berre stundom var inspirert.[4]

Trass i kritikken i pressa, sa Bowie at det var den kjekkaste turneen han hadde hatt fordi det var den «mest nyskapande» turneen han hadde vore med på.[55]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Glass Spider.

Trass i at det vart sagt til pressa at det ikkje kom til å bli eit konsertalbum frå turneen,[5] vart framsyninga i Sydney Entertainment Centre i Sydney den 7- og 9. november 1987 filma og gjeve ut på video som Glass Spider i 1988. Ei forkorta utgåve av showet vart sidan sendt i USA på ABC TV.[48] Ei DVD-utgåve av konserten kom i 2007 med eit lydoptak av konserten i Olympic Stadium i Montreal den 30. august 1987, som vart ommastra og gjeve ut på Loving the Alien (1983-1988) (2018). Konserten 6. juni 1987 på Platz der Republik (Reichstag – City Of Berlin-festivalen) vart sendt på FM radio.

Turnédetaljar[endre | endre wikiteksten]

Turnéband[endre | endre wikiteksten]

Turnédansarar[endre | endre wikiteksten]

Turnédesign[endre | endre wikiteksten]

  • Allen Branton – lysdesign
  • Mark Ravitz – settdesign
  • Christine Strand – videoregissør[17]

Turnédatoar[endre | endre wikiteksten]

Dato By Land Spelestad Publikum
Presseshow
Nord-Amerika
17. mars 1987 Toronto Canada Diamond Club
18. mars 1987 New York City USA Cat Club
Europa
20. mars 1987 London Storbritannia Player's Theatre
21. mars 1987 Paris Frankrike La Locomotive
24. mars 1987 Madrid Spania Halquera Plateaux
25. mars 1987 Roma Italia Piper
26. mars 1987 München Vest-Tyskland Parkcafe Lowenbrau
28. mars 1987 Stockholm Sverige Ritz
30. mars 1987 Amsterdam Nederland Paradiso
Oseania
27. oktober 1987 Sydney Australia Tivoli Club
Glass Spider-turneen
Europa
30. mai 1987 Rotterdam Nederland Stadion Feijenoord 60 000[2]
31. mai 1987 60 000[2]
2. juni 1987 Werchter Belgia Rock Werchter Concert Site
6. juni 1987 Vest-Berlin Vest-Tyskland Platz der Republik 80 000[57]
7. juni 1987 Nürburgring Rock am Ring
9. juni 1987 Firenze Italia Stadio Comunale 50 000[38] – 70 000[2]
10. juni 1987 Milano Stadio San Siro 70 000[58]
13. juni 1987 Hamburg Vest-Tyskland Festwiese Am Stadtpark
15. juni 1987 Roma Italia Stadio Flaminio 30 000[59]
16. juni 1987 30 000[59]
19. juni 1987 London Storbritannia Wembley Stadium 70 000[4]
20. juni 1987 70 000[2][4]
21. juni 1987 Cardiff National Stadium 50 000[2]
23. juni 1987 Sunderland Roker Park 36 000[60]
27. juni 1987 Hisingen Sverige Eriksbergsvarvet 45 000[61]
28. juni 1987 Lyon Frankrike Stade de Gerland
1. juli 1987 Wien Austerrike Praterstadion
3. juli 1987 Paris Frankrike Parc départemental de La Courneuve
4. juli 1987 Toulouse Stadium Municipal
6. juli 1987 Madrid Spania Vicente Calderón Stadium
7. juli 1987 Barcelona Mini Estadi
8. juli 1987
11. juli 1987 Slane Irland Slane Concert 50 000[2]
14. juli 1987 Manchester Storbritannia Maine Road
15. juli 1987
17. juli 1987 Nice Frankrike Stade De L'Ouest
18. juli 1987 Torino Italia Stadio Comunale di Torino
Nord-Amerika
30. juli 1987 Philadelphia USA Veterans Stadium 50 000[23]
31. juli 1987
2. august 1987 East Rutherford Giants Stadium
3. august 1987
7. august 1987 San Jose Spartan Stadium 29 000[62]
8. august 1987 Anaheim Anaheim Stadium 50 000[63]
9. august 1987
12. august 1987 Denver Mile High Stadium
14. august 1987 Portland Civic Stadium
15. august 1987 Vancouver Canada BC Place Stadium 35 000[64]
17. august 1987 Edmonton Commonwealth Stadium
19. august 1987 Winnipeg Winnipeg Stadium 25 000[65]
21. august 1987 Rosemont USA Rosemont Horizon
22. august 1987
24. august 1987 Toronto Canada Canadian National Exhibition Stadium
25. august 1987
28. august 1987 Ottawa Lansdowne Park 29 000[47]
30. august 1987 Montreal Olympic Stadium 45 000[66]
1. september 1987 New York City USA Madison Square Garden
2. september 1987
3. september 1987 Foxborough Sullivan Stadium 61 000[67]
6. september 1987 Chapel Hill Dean Smith Center
7. september 1987
10. september 1987 Milwaukee Marcus Amphitheater
11. september 1987
12. september 1987 Pontiac Pontiac Silverdome
14. september 1987 Lexington Rupp Arena
18. september 1987 Miami Miami Orange Bowl
19. september 1987 Tampa Tampa Stadium
21. september 1987 Atlanta Omni Coliseum
22. september 1987
25. september 1987 Hartford Hartford Civic Center
28. september 1987 Landover Capital Centre
29. september 1987
1. oktober 1987 Saint Paul St. Paul Civic Center
2. oktober 1987
4. oktober 1987 Kansas City Kemper Arena
6. oktober 1987 New Orleans Louisiana Superdome
7. oktober 1987 Houston The Summit
8. oktober 1987
10. oktober 1987 Dallas Reunion Arena
11. oktober 1987
13. oktober 1987 Los Angeles Los Angeles Memorial Sports Arena
14. oktober 1987
Oseania
29. oktober 1987 Brisbane Australia Boondall Entertainment Centre
30. oktober 1987
3. november 1987 Sydney Sydney Entertainment Centre
4. november 1987
6. november 1987
7. november 1987
9. november 1987
10. november 1987
13. november 1987
14. november 1987
18. november 1987 Melbourne Kooyong Stadium
20. november 1987
21. november 1987
23. november 1987
28. november 1987 Auckland New Zealand Western Springs Stadium

Songar[endre | endre wikiteksten]

Frå The Man Who Sold the World

Frå Aladdin Sane

Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Frå "Heroes"

Frå Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Let's Dance

Frå Tonight

Frå Never Let Me Down

Andre songar:

Øvd inn, men ikkje framført:[2]

  • «Because You're Young» (frå Scary Monsters (and Super Creeps))
  • «Scream Like a Baby» (frå Scary Monsters (and Super Creeps))
  • «Shining Star (Makin' My Love)» (frå Never Let Me Down)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 David Bowie Glass Spider Tour (News report, New Jersey 1987). 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 2,21 2,22 2,23 2,24 Currie, David (1987), David Bowie: Glass Idol (1. utg.), London and Margate, England: Omnibus Press, ISBN 978-0-7119-1182-6 
  3. Loder, Kurt (23. april 1987), «Stardust Memories», Rolling Stone Magazine (498): 74–77, 80, 82, 168, 171 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Wood, Daniel (14. august 1987), «Thousands flock to Bowie's web. 'Glass Spider' motif holds edge over his music», Christian Science Monitor, henta 14. januar 2016 
  5. 5,0 5,1 5,2 The Glass Spider Tour Press Conferences (London) (vinyl). 20. mars 1987. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Morse, Steve (18. september 1987), «Bowie Weaves Magic on Glass Spider Tour», The Boston Globe, henta 11. september 2021 
  7. 7,0 7,1 7,2 Morse, Steve (1987), «David Bowie (Cover Story)», In Fashion Magazine 3 (10): 151, 153 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 West, Corinthia; Stoute, Lenny (1987), «A Feast Unknown», Rock Express 
  9. 9,0 9,1 Jacobson, Colin, David Bowie Glass Spider (1987), henta 11. september 2021 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Pareles, Jon (2. august 1987), «Bowie Creates a Spectacle», The New York Times, henta 11. september 2021 
  11. 11,0 11,1 Radcliffe, Joe (January 1988), «David Bowie: The «Glass Spider» Weaves His Musical Magic around the World», Words & Music Magazine 
  12. Barnes, Laura (14. januar 2016). «Why David Bowie's death marks a loss for the tech industry». PCR (PCR.online.biz). Arkivert frå originalen 17. januar 2016. Henta 11. september 2021. 
  13. O'Neill, Tim (26. august 2007), David Bowie: Glass Spider Tour (Special Edition DVD / 2CD) [DVD], henta 11. september 2021 
  14. 14,0 14,1 Graff, Gary (18. september 1987), «Bowie Is Back, And Bolder Than Ever His Controversial Glass Spider Tour Proves The Ageless Rocker Is Still Full of Surprises», The Orlando Sentinel, henta 11. september 2021 
  15. 15,0 15,1 Isler, Scott (August 1987), «David Bowie Opens Up – A Little», Musician: 60–73 
  16. The Glass Spider Tour Press Conferences (Amsterdam) (vinyl). 30. mars 1987. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Sandberg, Marian (1. august 2010), «David Bowie Glass Spider (1987) – Top Concert Tour Design of all time», Live Design, henta 11. september 2021 
  18. Tomlinson, Stuart (15. august 1987), «Bowie Outshines Dazzling Stage Props», The Oregonian (Portland, Oregon) 
  19. 19,0 19,1 «Today in Music History – May 30», The Canadian Press, 30. mai 2013, henta 11. september 2021 
  20. Albrecht, Leslie (24. august 2016). «Former David Bowie Set Designer Keeps Park Slope Building Dripping with Art». DNAInfo.com. Arkivert frå originalen 14. september 2016. Henta 11. september 2021. 
  21. 21,0 21,1 Pareles, Jon (1. august 1987), «Music: Bowie's Glass Spider Tour», The New York Times, henta 11. september 2021 
  22. O'Connor, John (3. juni 1988), «TV Weekend; 'David Bowie: Glass Spider Tour'», The New York Times, henta 11. september 2021 
  23. 23,0 23,1 23,2 David Bowie Philadelphia 1987 – Glass Spider: Channel 6 Action News Report (News report, ABC News). Philadelphia. 1987. 
  24. 24,0 24,1 24,2 David Bowie Countdown 1987 Glass Spider Special («Countdown» TV program (Holland)). 1987. 
  25. 25,0 25,1 Pegg, Nicholas (October 2016). The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated. Titan Books. 
  26. Loogman, Antoine (May 2007), «Bowie in Holland: Glass Spider», The Voyeur, arkivert frå originalen 11. september 2021, henta 11. september 2021 
  27. David Bowie Tour Dates : The Official Carlos Alomar Blog, 12. juli 2012, henta 11. september 2021 
  28. «Dave In, Dave Out», Music & Sound Output Magazine, June 1987 
  29. 29,0 29,1 Milward, John (31. juli 1987), «Bowie Rides 'Glass Spider' At The Vet», The Philadelphia Inquirer, henta 5. juni 2013 
  30. David Bowie Is Inside. V&A Publishing. 2013. ISBN 9781851777358. 
  31. Chochrek, Ella (9. januar 2021). «David Bowie's Craziest Onstage Shoes Included Thigh-High Boots & Kitten Heels». Henta 11. september 2021. 
  32. Wheeler, Alex (17. mai 2016). «Music Icons auction: Cobain, Elvis, Michael Jackson and Bowie memorabilia up for grabs in New York». International Business Times. Henta 11. september 2021. 
  33. «Lot 353 of 403: DAVID BOWIE GLASS SPIDER TOUR COSTUME». Henta 11. september 2021. 
  34. Jordan, Scotia (30. november 1990), «Sound & Vision: The World of David Bowie Collectibles», Goldmine (Iola, Wisconsin), s. 44 
  35. «A Rock & Roll Anthology: From Folk to Fury. Lot 19: David Bowie state suit from the Glass Spider Tour, 1987». Henta 11. september 2021. 
  36. The Glass Spider Tour Press Conferences (New York) (vinyl). 18. mars 1987. 
  37. Wener, Ben (15. februar 2008), «Siouxsie recapturing her wail on new tour», The Orange County Register, henta 11. september 2021 
  38. 38,0 38,1 «San Siro Tonight Overflows to Bowie (Italian)», Corriere della Sera, 10. juni 1987 
  39. Times, Entertainment Reports From The (18. juni 1987), «First Off... (18. juni 1987)», Los Angeles Times, henta 11. september 2021 
  40. Sachs, John; Morgan, Piers (1991), «Private Files of the Stars (David Bowie)», Star Filez 
  41. Britt, Bruce (20. august 1987), «Bowie Back-up Alomar Sees Reason For Elation In Letdown», Los Angeles Daily News, henta 11. september 2021 
  42. Smith, Courtney (13. oktober 2010), «10 Pivotal Moments in Band/Brand Relationships (Number 3)», FlavorWire.com, henta 8. november 2013 
  43. «David Bowie no-bill in sexual assault charge». UPI (på engelsk). Henta 18. april 2021. 
  44. «Rock Star Cleared of Assault», The New York Times, 19. november 1988, henta 11. september 2021 
  45. Ressner, Jeffrey (15. juni 1989), «The Who Sell Out (Again)», Rolling Stone Magazine: 20 
  46. Star: 31, 25. august 1987  Missing or empty |title= (hjelp)
  47. 47,0 47,1 Barr, Greg (11. januar 2016). «1987: David Bowie breaks attendance record for Ottawa rock shows». Henta 11. september 2021. 
  48. 48,0 48,1 O'Malley, Kathy; Gratteau, Hanke (12. november 1987), «Towing the Line...», Chicago Tribune, henta 11. september 2021 
  49. 49,0 49,1 Moleski, Linda (27. desember 1987), «On the Road: Pink Floyd Proves to Be the Top Grosser of 1987», magasinet Billboard: 40, henta 11. september 2021 
  50. Bill Wyman (6. september 1991), «The Man Who Fell to Earth», Entertainment Weekly, henta 8. januar 2013 
  51. Du Noyer, Paul (April 1990), «David Bowie (Interview)», Q: 60–70 
  52. Heller, Jason (27. april 2017), «David Bowie's 1987 Slump Held Its Own Weird Magic», The Atlantic, henta 23. august 2019 
  53. Interview with Craig Bromberg for Smart magazine, 1990
  54. Heim, Chris (23. august 1987), «Man of Many Tricks, Bowie Uses Another On», Chicago Tribune, henta 11. september 2021 
  55. The Glass Spider Tour Press Conferences (Sydney) (vinyl). 27. oktober 1987. 
  56. Buckley, David (2012), Strange Fascination: David Bowie: The Definitive Story, Random House 
  57. «Tribute: Ricky Warwick on David Bowie», HotPress.com, 3. februar 2016, henta 23. oktober 2016 
  58. Mangiarotti, di Marco (11. juni 1987), «David Bowie taketh San Siro (Italian)», Il Giorno 
  59. 59,0 59,1 With David in the Spider's Web (Italian), 16. juni 1987, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 24. juni 2013 
  60. Morton, David (27. juni 2016). «David Bowie thrills 36 000 fans at Roker Park, Sunderland, in 1987». Henta 27. juni 2016. 
  61. «David Bowie Concert sweden 1987». 
  62. «England's child of ch-ch-change widens his web», The Oregonian, 14. august 1987 
  63. Hilburn, Robert (10. august 1987), «At Anaheim Stadium : David Bowie Spins A Glitzy Web», Los Angeles Times, henta 11. september 2021 
  64. Siebert, Amanda (14. januar 2016). «Throwback Thursday: 5 questions with Newt about David Bowie, and a review from 1987». The Georgia Straight (Straight.com). Henta 11. september 2021. 
  65. Staff, Winnipeg Free Press (11. januar 2016). «David Bowie Remembered». Winnipeg Free Press. Henta 11. januar 2016. 
  66. Griffin, John (11. januar 2016). «From the Archive: Bowie weds rock, theatre during Glass Spider tour's Montreal stop». Henta 11. januar 2016. [daud lenkje]
  67. Morse, Steve (3. september 1987), «David Bowie tests the limits of rock theater», The Boston Globe, arkivert frå originalen 5. november 2013, henta 11. september 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]