Glassverket Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagsmerket til Glassverket

Glassverket Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Åskollen i Drammen, stifta 11. februar 1919. Laget er aktivt med i fotball, handball og skiidrett. Glassverket IF har i kring 1000 medlemer. Laga spelar i lilla trøyer og resten kvitt.

Glassverket er særleg kjent for sine kvinnelag i handball. Både i 1974 og 1981 vann kvinnene NM-finalen i handball. Etter eit par tiår i lågare divisjonar tok Glassverket sølv i eliteserien i 2015 og bronse i 2016. Målvakta Turid Smedsgård er Glassverket sin mest kjende spelar frå 1980-åra. På 2010-talet markerte Kari Brattset og Veronica Kristiansen seg ut i den tids Glassverk-mannskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]