Glattestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein glattestein,eller slikjistein vert brukt til å glatte klede. Han vert brukt til å glatte ut finare tekstilar som kvitsaum og dukar etter stryking. Han har særleg vorte brukt til å glatte ut saumar, og har og vorte kalla saumglattar.

Ein har gjort gravfunn av steinar brukte til dette formålet. Den eldste ein kjenner til er i frå ei kvinnegrav frå om lag 400 f.Kr. Då kunnskapen om å lage glas kom til Norden, på 1600-talet,vart glattesteinen oftast laga av mørkt glas. Han er då forma som ei sirkelrund skive med tverrmål på 6 - 9 cm. Nokre har eit handtak av glas. Andre kan vere felte inn i eit trestykke. Glattesteinar vart produserte ved glasverk i Noreg frå midten av 1700- til midten av 1800-talet. Dei har vorte ekspoterte til Danmark

Glattesteinen vart brukt uoppvarma på kledet. Under klede brukte ein gjerne ei glatt plate av, til dømes, sletthøvla eik eller bøk. Ofte var desse glatte trestykka dekt med lêr.Det er og gjort gravfunn av slike plater som er laga av kvalbein. Denne reiskapen har vorte brukt parallelt med mangletre, rulle og strykejarn.

Slike glattarar kunne og lagast av marmor eller hardt tre. Dei var gjerne fint utskorne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]