Glattsypute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glattsypute
Glattsypute
Glattsypute
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Klasse: Sjøstjerner Asteroidea
Orden: Spinulosida
Underorden: Leptognathina
Familie: Poraniidae
Slekt: Porania
Art: Glattsypute P. pulvillus
Vitskapleg namn
Porania pulvillus

Glattsypute (Porania pulvillus) er ei sjøstjerne i ordenen Valvatida. Oversida er sleip og raud på let, men har òg avlange og gulvorne glasblærer. Arten har heller stutte armar og vert opptil ca. 15 centimeter i diameter.

Glattsypute lever på djupner på kring 5-500 meter, truleg ned mot 1 000 meter. Ho er funnen langs norskekysten opp til og med Troms, ved Shetland, Færøyane, Skottland, i den russiske delen av Arktis, i Biscayabukta og i Mexicogolfen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • CC-BY-icon-80x15.png Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Glattsypute skriven av Halldis Ringvold. Artikkelen vart utgjeven av Akvaplan-niva, Sea Snack Norway og Espen Rekdal Photography under lisensen CC BY 4.0. Henta 25. desember 2020.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.