Glen Coe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glen Coe
dal
none
Land Flag of Scotland.svg Skottland
stad Dei skotske høglanda
Type Kaldera
Siste utbrot 420 millionar år sidan (silur)
Wikimedia Commons: Glen Coe

Glen Coe (skotsk-gælisk Gleann Comhan) er ein trong dal i Dei skotske høglanda i Skottland. Han ligg i den sørlege delen av Lochaber i Highland, og var tidlegare ein del av grevskapet Argyll. Dalen er omgjeven av ville og høge fjell. Området vert ofte rekna som ein av dei mest spektakulære og vakraste stadane i Skottland, og har status som National Scenic Area i lag med Ben Nevis.

Dalen er U-forma og danna av ein isbre. Han er om lag 16 km lang og breidda langs dalbotn er mindre enn 700 meter, og er særleg smal ved Pass of Glen Coe om lag halvvegs inne.

Geologisk sette er Glen Coe restane etter ein gammal supervulkan som hadde utbrot med ein styrke på VEI-8. Utbrotet skjedde for kring 420 millionar år sidan under silur og vulkanen har lenge vore utdøydd.[1]

I 1692 blei 38 medlemmer av Macdonald-klanen hogd ned her av medlemmer av Campbell-klanen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clough, C. T; Maufe, H. B. & Bailey, E. B; 1909. The cauldron subsidence of Glen Coe, and the Associated Igneous Phenomena. Quart. Journ. Geol. Soc. 65, 611-678.; Glen Coe, scottishgeology.com, Hunterian Museum, University of Glasgow.; [1]; [2]
  2. «Glencoe» (14. februar 2009). Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glen Coe