Glenamaddy Turlough
53°35′53″N 08°32′28″W / 53.59806°N 8.54111°W
Glenamaddy Turlough er ein liten innsjø (turlough) aust for byen Glenamaddy i County Galway i Republikken Irland. Ein turlough er ein innsjø på Irland med sterkt varierande vassnivå og i periodar med lite nedbør kan han verte heilt tørrlagt.
Byen Glenamaddy skal visstnok ha fått namnet sitt frå forma innsjøen har om vinteren då han liknar ein hund.
Natur[endre | endre wikiteksten]
Mange tusen vassfuglar overvintrar her. Den største flokken består av heilo. Tundragås kjem òg til innsjøen om vinteren. Dei hekkar på Grønland og over halv bestanden i heile verda overvintrar på Irland. Meir enn 200 songsvaner overvintrar òg i Glenamaddy. Om vinteren finn ein i tillegg brunnakke, spovar og vipe.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Glenamaddy Turlough frå Engelsk Wikipedia .