Glenbow Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glenbow Museum

StadAlberta
Skipa1966
Kart
Glenbow Museum
51°02′43″N 114°03′40″W / 51.0452°N 114.061°W / 51.0452; -114.061

Glenbow Museum er eit regionalt museum for kunst og historie som ligg i Calgary i Alberta i Canada. Museet har fokus på vestkanadisk historie og kultur, medrekna urfolksperspektiv. Glenbow Museum blei skipa som ei privat ideell stifting i 1955 av advokaten, forretningsmannen og filantropen Eric Lafferty Harvie med gjenstandar frå hans eiga samling.

Museet flytta inn i dei noverande lokala sine i Calgary sentrum i 1976. Det er økonomisk støtta av styresmaktene i Calgary, Alberta og Canada, private gjevarar og ei gåve frå Harvie. I 2019 hadde Glenbow totalt 148 668 vitjande.[1] Museet stengde mellombels for renovering i 2021, med planlagd gjenopning i 2024.[2]

Ei gåve på 25 millionar dollar frå Shaw Family Foundation gjorde at museet kunne ha gratis adgang frå februar 2022. Gåva skulle også gå til eit nytt JR Shaw Institute for Canadian Art, kalla opp etter JR Shaw, grunnleggjaren av Shaw Communications og Corus Entertainment.[2]

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Glenbow-arkivet er ei av dei største arkivsamlingane i Canada som ikkje er statleg driven. Dei blir nytta av historikarar, forfattarar, studentar, slektsforskarar og media.

Bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket i Glenbow inneheld 100 000 bøker, tidsskrift, aviser, kart og pamflettar med relevans for Vest-Canada, frå tida då bøffel vandra på slettene til utviklinga av jernbaner og utbygginga av Vesten, til politiske, økonomiske og sosiale hendinga i Alberta i dag.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Museet si samling inneheld også gjenstandar frå Vest-Canada og andre kulturar frå heile verda. Det har også ei samling edelsteinar og mineral.

Oljevogn brukt ved oljefelta i Turner Valley kring1920, stilt ut ved Glenbow Museum.

Samlinga omfattar over 100 000 objekt frå mange delar av verda, som gjev innsyn i livet i Vest-Canada frå slutten av 1800-talet til i dag. I Community History-samlinga er mellom anna gjenstandar frå doukhobor- og hutteritt-samfunna i Vest-Canada, og frå Calgary Stampede. Museet har også fleire gjenstandar knytte til leitinga etter Franklin sin tapte ekspedisjon.[3]

Fleire gjenstandar i denne samlinga er med i utstillinga Mavericks: An Incorrigible History of Alberta. Denne fortel soga til Alberta gjennom 48 særeigne personar, eller «mavericks».[4]

Military and Mounted Police[endre | endre wikiteksten]

Rustningsutstilling

Military and Mounted Police-samlinga inneheld ei omfattande samling gjenstandar knytte til kanadisk militærhistorie, med vekt på sørlege Alberta. Ho omfattar også europeiske og japanske rustningar, våpen og skytevåpen og våpen frå andre delar av verda.[5] Samling er delt inn i følgjande kategoriar: Arms and Armour, Canada at War, Famous People and Battles, Firearms og Mounted Police.[5]

Native North America[endre | endre wikiteksten]

Gjenstandar frå nordamerikanske urfolk stilte ut ved Glenbow Museum.

Native North America-samlinga er ei stor samling gjenstandar frå ulike nordamerikanske urfolk, mellom anna præriefolk. Museet har delt inn Community History-samlinga si i Inuit, Métis, Northwest Coast, Plains og Other First Peoples.[6]

Niitsitapiisinni: Our Way of Life er ei permanent utstilling som tek for seg niitsitapifolk (tilknytte Blackfoot Confederacy).[4]

World Cultures[endre | endre wikiteksten]

Glenbow Museum si samling omfattar fleire gjenstandar frå heile verda. Denne samlinga er delt inn i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Oseania.[7] Den afrikanske samlinga inneheld over 5000 gjenstandar, som hovudsakleg blei samla inn på 1960-talet. Samlinga har særskild fokus på Vest-Afrika, med ei rekkje gjenstandar frå akan-, bamileke- og jorubafolk og Kongeriket Bamum.[8] Den latinamerikanske samlinga blei også bygd opp på 1960-talet. Ho fokuserer særleg på Amazonasområdet, med gjenstandar frå bororo-, karajá-, tapirapé- og urubufolk.[9] Størstedelen av samlinga frå Oseania kjem frå Papua Ny- Guinea, men ho har også gjenstandar frå andre delar av verdsdelen.[10]

Many Faces, Many Paths: Art of Asia omfattar over 80 statuar, skulpturar og andre buddhistiske og hinduiske gjenstandar frå så langt tilbake som det fyrste hundreåret. Den asiatiske samlinga inneheld kunst frå Kambodsja, Kina, India, Indonesia, Japan, Korea, Nepal, Pakistan, Thailand og Tibet.[11]

Where Symbols Meet: A Celebration of West African Achievement er ei permanent utstilling ved Glenbow som omfattar gjenstandar frå den vestafrikanske samlinga.[4]

Kunstsamling[endre | endre wikiteksten]

Kunstsamlinga i Glenbow omfattar 33 000 verk, for det meste frå 1800-talet og seinare og hovudsakleg historiske, moderne og samtidsverk frå eller knytt til nordvestlege Nord-Amerika. Samlinga inneheld eit utval landskapsmåleri, ei samling kanadiske trykk med verk av Walter J. Phillips og modernisten Sybil Andrews, First Nations- og inuittisk kunst, amerikanske illustrasjonar og naturkunst. Verk frå andre delar av verda gjev ei vidare nasjonal og internasjonal referanseramme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Glenbow Museum (September 25, 2020). «Report to Community 2019-2020». glenbow.org. Henta 19 August 2021. 
  2. 2,0 2,1 Kost, Hannah (17 February 2022). «Glenbow to offer free general admission permanently after Shaw family donates $35M». CBC News. Henta 19 February 2022. 
  3. «Community History». Glenbow Museum. 2018. Henta 20 August 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Permanent Exhibitions». Glenbow Museum. 2018. Henta 23. august 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Military & Mounted Police». Glenbow Museum. 2018. Henta 20 August 2018. 
  6. «Native North America». Glenbow Museum. 2018. Henta 20 August 2018. 
  7. «World Cultures». Glenbow Museum. 2018. Henta 20 August 2018. 
  8. «Africa». Glenbow Museum. 2018. Henta 20. august 2018. 
  9. «Latin America». Glenbow Museum. 2018. Henta 20. august 2018. 
  10. «Oceania». Glenbow Museum. 2018. Henta 20. august 2018. 
  11. «Asia». Glenbow Museum. 2018. Henta 20 August 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glenbow Museum