Glendalough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glendalough
Lower Lake og klosterbusetjinga frå Brockagh-fjellet
Land  Republikken Irland
Kart
Glendalough
53°00′37″N 6°19′39″W / 53.010277777778°N 6.3275°W / 53.010277777778; -6.3275
Wikimedia Commons: Glendalough
Nettstad: www.glendalough.ie

Glendalough (/ˌɡlɛndəˈlɒx/; irsk Gleann Dá Loch, 'Dalen med to sjøar') er ein bredal i County WicklowIrland. Han er kjend for eit mellomalderkloster som blei grunnlagd på 500-talet av den heilage Kevin. Frå 1825 til 1957 blei det vunne ut blyglans i den øvre delen av dalen. Glendalough er ein populær stad å vitja for å ha piknik, gå tur og driva fjellklatring.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Glendalough kloster

Den heilage Kevin stamma frå ein av høvdingslektene i Leinster. Som liten blei han oppseda av tre heilage menn, Eoghan, Lochan og Eanna. I løpet av denne tida drog han til Glendalough. Han vende tilbake dit seinare med ei lita gruppe mnkar for å grunnleggja eit kloster der 'to elvar renn saman'. Han blei kjend som ein heilag mann, og mange følgjesveinar strøymde til han. Ifølgje tradisjonen døydde han rundt 618. Dei neste seks hundreåra hadde dalen eit rikt liv. Dei irske annalane listar opp abbedar som døydde og raid på busetjinga.[1]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Poulanass-elva
Poulanass-fossen

Glendalough-dalen blei danna under den siste istida av ein isbre som la att ein morene langs eine enden av dalen. Elva Poulanass, som renn inn i dalen frå sør via Poulanass-fossen, danna eit elvedelta som etterkvart delte den opphavlege sjøen her i to.[2] Rundt dalen ligg fjella Camaderry på 699 meter, vasskraftstasjonen ved Turlough Hill (681 m), det store massivet Conavalla (734 m) som dominerer den øvre delen av dalen, og toppane Lugduff (652 m) og Mullacor (661 m).[3][4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Glendalough Visitors Guide, Produced by "The Office of Public Works" (Oifig na nOibreacha Poibli), Glendalough, County Wicklow.
  2. Nairn, Richard (2001). Discovering Wild Wicklow. TownHouse and CountryHouse. s. 8. ISBN 1-86059-141-8. 
  3. Dillion, Paddy (1993). The Mountains of Ireland: A Guide to Walking the Summits. Cicerone. ISBN 978-1852841102. «Walk 7: Turlough Hill, Camaderry» 
  4. Mountainviews, (September 2013), "A Guide to Ireland's Mountain Summits: The Vandeleur-Lynams & the Arderins", Collins Books, Cork, ISBN 978-1-84889-164-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glendalough

Wikisource Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). «Glendalough, Vale of». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press. 


Reiseguide for Glendalough frå Wikivoyage
Klatreguidar
  • Wicklow Rockclimbing Guide. Mountaineering Ireland. 2009. s. 334. ISBN 9780902940239. 
  • Flanagan, David (2014). Rock Climbing in Ireland. Three Rock Books. ISBN 978-0956787422. 
  • Fairbairn, Helen (2014). Dublin & Wicklow: A Walking Guide. Collins Press. ISBN 978-1848892019.