Glenn Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Glenn Ashby Davis (12. september 193428. januar 2009) frå Follansbee i Vest-Virginia i USA, var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som spesialistere seg på 400 m hekk. Han vann til saman tre gullmedaljar under sommar-OL 1956 i Melbourne og sommar-OL 1960 i Roma. Frå 1950 var han for det meste busett i Barberton i delstaten Ohio, der han også døydde.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under uttaket til sommar-OL i 1956 sette Davis verdsrekord på 400 meter hekk med tida 49,5, og vart dermed den fyrste som sprang distansen på under 50 sekundar. I olympiaden i Melbourne, seint i 1956, levde han opp til favorittstempelet og tok gull på 400 meter hekk med tida 50,1, sju tidelar føre landsmannen Silas Southern som hadde imponert i semifinalane med tida 50,1 og heatsiger over Davis.

I 1958 forbetra Davis sin eigen verdsrekord til 49,2 sekundar under ei tevling på Nepstadion i Budapest. Same sesongen imponerte han med å springe 100 meter på 10,3, verdsrekorden var då 10,1, og 400 meter flatt på 45,5, noko som plasserte han på andreplassen på rekordlista over 400-meterløparar.

Fire år etter triumfen i Melbourne tok Davis nytt OL-gull under Roma-OL, då på tida 49,3. Under leikane avslutta han si tid som friidrettutøvar med å springe tredjeetappen på USAs vinnarlag på 4x400 m stafett, saman med Jack Yerman, Earl Young og Otis Davis.

I 1960 og -61 spela Glenn Davis i to sesongar amerikansk fotball for Detroit Lions. Etter nokre år som trenar for universitetslag, slo han seg ned i heimbyen Barberton, der han var lærar og trenar.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]