Glenn Hysén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glenn Hysén

Glenn Ingvar Hysén (fødd 30. oktober 1959) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Göteborg som spelte 68 landskampar. Han var midtstoppar og ein av Sveriges beste spelarar i 1980-åra, kåra til årets spelar i 1983 og 1988.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hysén spelte på IFK Göteborg frå 1979 til han hausten 1983 fekk kontrakt med PSV Eindhoven. Med det svenske laget vann han UEFA-cupen 1982 og vart svensk seriemeister både i 1982 og 1983. Etter ei lite vellukka tid i PSV, vende Hysén sommaren 1985 tilbake til IFK Göteborg. Her var han med om å ta laget til semifinale i europacupen hausten 1986. Våren 1987 var han med om å vinne UEFA-cupen på ny. Frå sommaren 1987 var han i to sesongar Fiorentina-spelar. Deretter gjorde han teneste i Liverpool FC i knappe tre år. I sin fyrste sesong med klubben vart han engelsk ligameister, som den fyrste frå Sverige. Frå 1992 til 1994 var han aktiv i Göteborg-klubben Gais, eit lag som rykte ned or Allsvenskan.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hysén var midtstoppar på Sverige sitt landslag i 68 kampar. Han debuterte mot Danmark 14. mai 1981. Særleg imponerte han i ein landskamp mot EnglandWembley stadion i London, ein kamp som enda 0-0. Han spelte halvskadd då Sverige rauk ut or Fotball-VM 1990 allereie etter gruppespelet, hans einaste internasjonale landslagturnering. Hysén skåra 9 landslagsmål før han deltok i sin siste landskamp i oktober 1990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]