Gletscherhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gletscherhorn
fjell
Gletscherhorn frå Jungfraujoch
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 983 moh.
Primærfaktor 346 m ↓ Jungfrau
Koordinatar 46°30′46″N 7°58′04″E / 46.51278°N 7.96778°E / 46.51278; 7.96778
Førstestiging James John Hornby
 - dato 15. august 1867
Kart
Gletscherhorn
46°30′46″N 7°58′04″E / 46.512777777778°N 7.9677777777778°E / 46.512777777778; 7.9677777777778
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Gletscherhorn

Gletscherhorn er eit 3 983 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantonane Bern og Valais går over fjelltoppen.

Gletscherhorn ligg sør for Jungfrau, mot sørvest er han over Gletscherjoch knytt til Äbeni Flue. Mot nord fell hornet i ein 1200 meter høg vegg, vidare i bratte bergsider, 2 800 meter ned i Lauterbrunnental. På sørsida ligg snøbreane Gletscherhornfirn og Kranzbergfirn, den berglendte søraustegga skil desse frå kvarandre. Breane renn i hop nedanfor søraustegga og munnar ut i Grosser Aletschfirn. Lenger mot sør tronar Aletschhorn med sin mektige nordvegg over Grosser Aletschfirn.

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Gletscherhorn vart klatra fyrste gongen den 15. august 1867 av James John Hornby og Christian Lauener. Klatreturen gjekk opp vestegga.

Normalrutene til topps går over høvesvis søraustegga og vestegga. Begge rutene må seiast å vere lange, og byr elles på noko krevjande klatring. Nordveggen på Gletscherhorn er ein ytterst krevjande tur, både kva gjeld klatring på berg og på is, bre.

Gletscherhorn vert sjeldan klatra. Noko fordi det i alle høve er rett krevjande, så kjem det forhold at han er omgjeven av meir kjende toppar, og kanskje spelar det inn at han manglar nokre høgdemeter på å vere 4000-meters-topp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]