Gliacelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gliaselle)

Gliaceller, i samling kalla gliavev eller nevroglia, er celler i nervesystemet som har ulike oppgåver. Dei blei lenge oppfatta som støttevev med hovudsakleg ein strukturell funksjon, noko som har gjeve dei namnet glia, etter det greske ordet for 'lim'. Gliaceller er gjennomgåande små celler, og er til stades i store tal gjennom heile nervesystemet. Det finst fleire ulike typar av cellene.

Astrogliaceller[endre | endre wikiteksten]

Astrogliaceller er stjerneforma celler med fleire, lange utløparar. Utløparane har ofte intime kontaktar med både nerveceller og blodkapillarar i hjernen. Under den tidlege utviklinga av nervesystemet strekker gliautløparar seg frå det sentrale holrommet i nevralrøret og ut til overflaten. Desse «radiale» gliafibrane verker som ein slags vegvisarar for nydanna nerveceller på vandring til dei endelege stadene dei skal vera. I det mogne nervesystemet er det eit intimt samspel mellom astrogliaceller og nervecellene. Dei kan ta del i ernæringa og vedlikehaldet av nervecellene ved å skilja ut eit slag lokale hormoner (trofiske eller nærande substansar). Gliautløparar omsluttar enkelte særskilde synaptiske område i hjernen, tilsynelatande som ein slags isolasjon frå nabostrukturene, og desse bidrar også til fjerning av utskild transmittersubstans i synapsane.

Oligodendrogliaceller[endre | endre wikiteksten]

Desse utløparane etablerer intim kontakt med nervecelleaksonar. Dei omhyller aksonane med mange lag lamellar som dannar isolerande mansjettar av «myelin» langs aksonane. Myelinet består hovudsakleg av feittstoff frå overflatemembranen til oligogliacellene, og dette er opphavet til den kvite fargen på den kvite substansen i sentralnervesystemet. Den periodiske isolasjonen av dei myeliniserte aksonane aukar i stor grad effektiviteten av signalleiinga i desse aksonane. Mens oligodendroglia er ansvarleg for myeliniseringa av nervefibrar i hjernen og ryggmargen, blir aksonar i dei perifere nervane myelinisert av såkalla Schwannceller som stammar frå nevrallista.

Myelinet og myeliniseringsprosessene kan skadast ved ulike typar av skader og sjukdommar i nervesystemet. Slik demyelinisering hindra impulsleiinga i dei affiserte nervebanane (til dømes ved multippel sklerose).

Mikrogliaceller[endre | endre wikiteksten]

Mikrogliaceller verker som renovasjons- og immunceller i nervesystemet. Dei kan røra seg i nervevevet, og blir aktiverte og samlar seg i område ramma av skader eller sjukdommar. Dei kan fagocytera («eta») og derved fjerna celler som er øydelagde eller skadde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Gliaceller» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. april 2015.