Glíma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Glima)
Glima. Foto frå 1934.
To glíma-belte i ulike storleikar

Glíma (islandsk) eller glima, er ei form for idretten bryting som ein meiner har opphav i vikingtida, og som har vore nasjonalidrett på Island frå slutten av 1800-talet.

Brytinga går føre seg på det viset at dei to som kjempar mot kvarandre har teke på seg eit dobbeltbelte av lêr ikring midja og kvart lår, det såkalla glimabeltet. Med høgra handa tek kvar av dei ikring det beltet motstandaren har kring midja, og med venstre hand i det høgre lårbeltet, for deretter å freiste å kaste motstandaren mot underlaget. Den som kjem nær underlaget med ein eller annan part av kroppen mellom kneet og armhola, har tapt kampen. Det er åtte hovudmåtar å kaste motstandaren på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Glima». snl.no. 20. februar 2018.  artikkel til fri bruk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glíma