Glimutladning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei glimutlading er ei sjølvstendig elektrisk utlading mellom kalde elektrodar i ein gass ved lågt trykk. Utladinga føregår kontinuerleg og får gassen til å lyse. Dette blir utnytta i glimlamper til reklamelys, signallamper osv. Eit liknande fenomen, koronautlading, kan opptre ved høgare trykk, til dømes i luft ved atmosfæretrykk, når den elektriske feltstyrken blir stor.

Gassar som vert nytta er ofte argon eller ein annan edelgass. Ein finn dette i produkt som neonlys og plasmaskjermar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]