Glissando
Utsjånad

Glissando er eit musikalsk uttrykk for ei jamn, glidande rørsla frå ein note til ein annan. Instrument ein kan utføra glissando på er til dømes fiolin og trombone. Instrument som piano og harpe kan ikkje utføra ein naturleg glissando, men ein kan likevel utføra såkalla effektiv glissando på dei.
Notar
[endre | endre wikiteksten]I noteskriving kan ein visa til glissando med ei linje frå den fyrste noten til den neste. Linja kan vera bein eller bølgja. Ofte skriv ein også forkortinga gliss. ved henne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Glissando» frå Wikipedia på bokmål, og «Glissando» frå Wikipedia på engelsk den 9. oktober 2025.