Global oppvarming
Global oppvarming er ein prosess der den gjennomsnittlege temperaturen på jorda aukar. Sidan midten av 1900-talet er det dokumentert ei slik oppvarming av hav og luft nær jorda. Frå 1905 til 2005 steig overflatetemperaturen med 0,74 ± 0,18 °C. SN sitt klimapanel slo i 2007 fast at oppvarminga truleg er eit resultat av menneskeskapt drivhuseffekt frå utslepp av klimagassar, gjennom til dømes bruk av fossilt brennstoff og avskoging.[1] Dei har også konkludert med at det hovudsakleg var naturfenomen som variasjonar i solstråling og vulkansk aktivitet som stod bak det meste av oppvarminga frå før den industrielle revolusjonen til 1950, og ei lita nedkjøling like etter.[2][3] Desse grunnleggjande sluttingane er støtta av over 40 vitskaplege akademi og organisasjonar.[4]
Klimamodellar samanfatta i siste rapporten til klimapanelet tyder på at temperaturen på verdsbasis truleg vil stiga med 1,1 til 6,4 °C til i løpet av 2000-talet.[1] Auke i temperaturane vil føra til høgare havnivå og endra nedbørsmønster, noko som truleg vil medføra tropisk ørkenspreiing.[5] Det er venta ei minke i brear, permafrost og havis, med Arktis rekna som særleg utsett. Andre sannsynlege effektar er mellom anna auka intensitet av ekstremvêr, utrydding av artar og endringar i jordbruksproduksjonen.
Offentleg og politisk debatt rundt årsaker til og kva ein eventuelt kan gjera med global oppvarming. Ulike taktikkar er lagt fram: Reduksjon av klimagassutslepp for å redusera vidare oppvarming, tilpassing av samfunn til ei verd med store klimaendringar, og ulike tiltak for å motverka oppvarminga. Kyotoprotokollen frå 1997 er ein internasjonal avtale om å redusera utslepp. Ein ny klimakonferanse i desember 2009 prøver å finna fram til vidare tiltak.
Forklaring
[endre | endre wikiteksten]Stadig aukande utslepp av klimagassar som CO2 har gjort at mindre av varmen som vert tilført frå sola til jorda slepp ut av atmosfæren (drivhuseffekten). Av desse klimagassane er vassdamp, som er ein naturleg gass, den viktigaste drivhusgassen og forskarar trur at han står for rundt 90 prosent av absorpsjonen av varmestrålinga, etterfølgd av CO2.[6]
Å forklåre temperaturauken, er noko anna enn å dokumentere den. At CO2 er ein drivhusgass, har ein visst i snart 150 år. Òg at menneskelege CO2-utslepp vil føre til ei oppvarming, har ein hatt kjennskap til heilt sidan 1938. Per i dag har ein godt empirisk belegg både for auken i atmosfærens CO2-konsentrasjon og for samanhengen mellom denne og temperaturstiginga.
Det er med dette ikkje sagt at det ikkje òg finst andre faktorar som kan medverke til den temperaturauken vi er vitne til. Tvert imot inkluderer alle klimamodellar òg naturlege faktorar, for å gje best mogelege prediksjonar.
SN sitt klimapanel og dei fleste klimatologar er likevel einige om at mennesket sitt bidrag til den globale oppvarminga er alvorleg og bør reduserast. Vekta av menneskelege utslepp blir ikkje minst tydeleg av figur 3, der ein ser at den menneskeskapte auken i CO2 har ført til eit nivå som er minst 20 % høgare enn nokon gong på minst 417 000 år, eit minimaloverslag som av nyare forsking har blitt auka til 650 000 år. Året 2008 var det kaldaste året globalt sidan år 2000[7], men dette er ikkje noko teikn på at oppvarminga snur, då dette er naturlege variasjonar [8].
Konsekvensar
[endre | endre wikiteksten]Den globale oppvarminga er forventa – og delvis allereie dokumentert – til å påverke klimaet på mange ulike måtar verda over. Som det ligg i sjølve omgrepet, vil gjennomsnittstemperaturen på jorda auke. Regionalt og lokalt vil det likevel vere store forskjellar. Oppvarminga blir forventa å vere størst i arktiske område. Andre stader kan klimaendringane som følgjer med den globale oppvarminga derimot òg føre til temperaturnedgangar.
I samanheng med temperaturendringar vil ørkenspreiinga auke, medan arealet med permafrost vil bli sterkt redusert. Arealet som står til rådvelde for jordbruk blir forventa å minke. Sjølv om klimasonene kan seiast å bli skuva mot polane, blir dei òg pressa saman, slik at det vil bli totalt færre område med gunstig klima. Dessutan er ikkje jordsmonnet i område som nylege har blitt varmare, like fruktbart som jordsmonn i område som har hatt temperert klima i lang tid.
Ein annan konsekvens av temperaturauken er at havnivået har byrja å stige og vil stige meir. Dette kjem både av at vatn utvidar seg når det blir varmare, og av at ein aukande del av polisen smeltar av. Havstiginga aleine vil berøre millionar av menneske som lever på øystatar og i låge landområde.
I tillegg fører global oppvarming til meir variabelt og meir ekstremt ver. Eit aukande energiinnhald i atmosfæren vil ein ikkje berre merke på ein generelt høgare temperatur, men òg på sterkare vind og aukande stormfrekvens. Nedbøren vil auke globalt sett, òg dette fordi varmare luft kan ta opp større mengder vatn. Aukande vindstyrke og nedbørsmengd vil i sin tur òg auke talet «natur»katastrofar som ras og flaumar.
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Global Warming» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 IPCC (4. mai 2007). «Summary for Policymakers» (PDF). Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Henta 3. juli 2009.
- ↑ Hegerl, Gabriele C.; et al. (2007). «Understanding and Attributing Climate Change» (PDF). Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. IPCC. Arkivert frå originalen (PDF) 8. mai 2018. Henta 26. juni 2010. «Recent estimates indicate a relatively small combined effect of natural forcings on the global mean temperature evolution of the second half of the 20th century, with a small net cooling from the combined effects of solar and volcanic forcings.»
- ↑ Ammann, Caspar; et al. (2007). «Solar influence on climate during the past millennium: Results from transient simulations with the NCAR Climate Simulation Model» (PDF). Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 104 (10): 3713–3718. PMID 17360418. doi:10.1073/pnas.0605064103. Arkivert frå originalen (PDF) 24. juni 2008. Henta 16. desember 2009. «Simulations with only natural forcing components included yield an early 20th century peak warming of ≈0.2 °C (≈1950 AD), which is reduced to about half by the end of the century because of increased volcanism.»
- ↑ Royal Society (2005). «Joint science academies' statement: Global response to climate change». Henta 19 April 2009.
- ↑ Lu, Jian; Vecchi, Gabriel A.; Reichler, Thomas (2007). «Expansion of the Hadley cell under global warming» (PDF). Geophysical Research Letters 34: L06805. doi:10.1029/2006GL028443.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 13. april 2008, henta 16. februar 2009
- ↑ [1]
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 12. september 2011, henta 16. februar 2009
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Jordkloden som et drivhus» Arkivert 2008-04-13 ved Wayback Machine. (2003) ved forskning.no
- Association of British Insurers (2005–06). Financial Risks of Climate Change (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 9. oktober 2011. Henta 16. desember 2009.
- Barnett, TP; Adam, JC; Lettenmaier, DP (17. november 2005). «Potential impacts of a warming climate on water availability in snow-dominated regions» (abstract). Nature 438 (7066): 303–309. PMID 16292301. doi:10.1038/nature04141.
- Behrenfeld, MJ; O'malley, RT; Siegel, DA; Mcclain, CR; Sarmiento, JL; Feldman, GC; Milligan, AJ; Falkowski, PG; Letelier, RM (7. desember 2006). «Climate-driven trends in contemporary ocean productivity» (PDF). Nature 444 (7120): 752–755. PMID 17151666. doi:10.1038/nature05317. Arkivert frå originalen (PDF) 15. april 2016. Henta 16. desember 2009.
- Choi, Onelack; Fisher, Ann (May, 2005). «The Impacts of Socioeconomic Development and Climate Change on Severe Weather Catastrophe Losses: Mid-Atlantic Region (MAR) and the U.S.». Climate Change 58 (1–2): 149–170. doi:10.1023/A:1023459216609.[daud lenkje]
- Dyurgerov, Mark B.; Meier, Mark F. (2005). Glaciers and the Changing Earth System: a 2004 Snapshot (PDF). Institute of Arctic and Alpine Research Occasional Paper #58. ISSN 0069-6145. Arkivert frå originalen (PDF) 30. september 2009. Henta 16. desember 2009.
- Emanuel, Kerry A. (4. august 2005). «Increasing destructiveness of tropical cyclones over the past 30 years.» (PDF). Nature 436 (7051): 686–688. PMID 16056221. doi:10.1038/nature03906.
- Hansen, James; Perlwitz, J; Russell, G; Schmidt, GA; Tausnev, N (3. juni 2005). «Earth's Energy Imbalance: Confirmation and Implications» (PDF). Science 308 (5727): 1431–1435. PMID 15860591. doi:10.1126/science.1110252.
- Hinrichs, Kai-Uwe; Hmelo, Laura R.;; Sylva, Sean P. (21. februar 2003). «Molecular Fossil Record of Elevated Methane Levels in Late Pleistocene Coastal Waters». Science 299 (5610): 1214–1217. PMID 12595688. doi:10.1126/science.1079601.
- Hirsch, Tim (11. januar 2006). «Plants revealed as methane source». BBC.
- Hoyt, Douglas V.; Schatten,, Kenneth H. (1993–11). «A discussion of plausible solar irradiance variations, 1700–1992». Journal of Geophysical Research 98 (A11): 18,895–18,906. doi:10.1029/93JA01944.
- Karnaukhov, A. V. (2001). «Role of the Biosphere in the Formation of the Earth’s Climate: The Greenhouse Catastrophe» (PDF). Biophysics 46 (6).
- Kenneth, James P.; et al. (2003-02-14). Methane Hydrates in Quaternary Climate Change: The Clathrate Gun Hypothesis. American Geophysical Union. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 16. desember 2009.
- Keppler, Frank; et al. (18. januar 2006). «Global Warming – The Blame Is not with the Plants». Max Planck Society.
- Lean, Judith L.; Wang, Y.M.; Sheeley, N.R. (2002–12). «The effect of increasing solar activity on the Sun's total and open magnetic flux during multiple cycles: Implications for solar forcing of climate» (abstract). Geophysical Research Letters 29 (24): 2224. doi:10.1029/2002GL015880.
- Lerner, K. Lee; Lerner, K. Lee;; Wilmoth, Brenda (26. juli 2006). Environmental issues: essential primary sources. Thomson Gale. ISBN 1414406258.
- Muscheler, R; Joos, F; Müller, SA; Snowball, I (28. juli 2005). «Climate: How unusual is today's solar activity?» (PDF). Nature 436 (7012): 1084–1087. PMID 16049429. doi:10.1038/nature04045. Arkivert frå originalen (PDF) 8. januar 2006. Henta 16. desember 2009.
- Oerlemans, J. (29. april 2005). «Extracting a Climate Signal from 169 Glacier Records» (PDF). Science 308 (5722): 675–677. PMID 15746388. doi:10.1126/science.1107046.
- Oreskes, Naomi (3. desember 2004). «Beyond the Ivory Tower: The Scientific Consensus on Climate Change» (PDF). Science 306 (5702): 1686. PMID 15576594. doi:10.1126/science.1103618.
- Purse, BV; Mellor, PS; Rogers, DJ; Samuel, AR; Mertens, PP; Baylis, M (February, 2005). «Climate change and the recent emergence of bluetongue in Europe» (abstract). Nature Reviews Microbiology 3 (2): 171–181. PMID 15685226. doi:10.1038/nrmicro1090.
- Revkin, Andrew C (5. november 2005). «Rise in Gases Unmatched by a History in Ancient Ice». The New York Times.
- Ruddiman, William F. (15. desember 2005). Earth's Climate Past and Future. New York: Princeton University Press. ISBN 0-7167-3741-8. Arkivert frå originalen 8. januar 2006. Henta 16. desember 2009.
- Ruddiman, William F. (1. august 2005). Plows, Plagues, and Petroleum: How Humans Took Control of Climate. New Jersey: Princeton University Press. ISBN 0-691-12164-8.
- Solanki, SK; Usoskin, IG; Kromer, B; Schüssler, M; Beer, J (23. oktober 2004). «Unusual activity of the Sun during recent decades compared to the previous 11,000 years.» (PDF). Nature 431 (7012): 1084–1087. PMID 15510145. doi:10.1038/nature02995 (uverksam 2009-09-18).
- Solanki, Sami K.; et al. (28. juli 2005). «Climate: How unusual is today's solar activity? (Reply)» (PDF). Nature 436: E4–E5. doi:10.1038/nature04046.
- Sowers, Todd (10. februar 2006). «Late Quaternary Atmospheric CH4 Isotope Record Suggests Marine Clathrates Are Stable». Science 311 (5762): 838–840. PMID 16469923. doi:10.1126/science.1121235.
- Svensmark, Henrik; et al. (2007-02-08). «Experimental evidence for the role of ions in particle nucleation under atmospheric conditions». Proceedings of the Royal Society A (FirstCite Early Online Publishing) 463 (2078): 385–396. doi:10.1098/rspa.2006.1773. (online version requires registration)
- Walter, KM; Zimov, SA; Chanton, JP; Verbyla, D; Chapin Fs, 3rd (7. september 2006). «Methane bubbling from Siberian thaw lakes as a positive feedback to climate warming». Nature 443 (7107): 71–75. PMID 16957728. doi:10.1038/nature05040.
- Wang, Y.-M.; Lean, J.L.; Sheeley, N.R. (20. mai 2005). «Modeling the sun's magnetic field and irradiance since 1713» (PDF). Astrophysical Journal 625: 522–538. doi:10.1086/429689. Arkivert frå originalen (PDF) 14. juni 2007. Henta 16. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- FNs klimapanel oppsummerer klodens tilstand Arkivert 2008-06-05 ved Wayback Machine.
Forsking
- Intergovernmental Panel on Climate Change — collection of IPCC reports
- Climate Change at the National Academies — repository for reports, workshops, and meetings
- Nature Reports Climate Change — free-access web resource
- Met Office: Climate change Arkivert 2010-11-27 ved Wayback Machine. — UK National Weather Service
- Global Science and Technology Sources on the Internet — extensive commented list of internet resources
- Educational Global Climate Modelling Arkivert 2015-03-23 ved Wayback Machine. (EdGCM) — research-quality climate change simulator
- DISCOVER Arkivert 2013-04-04 ved Wayback Machine. — satellite-based ocean and climate data since 1979 from NASA
- Global Warming Art — collection of figures and images
Undervising
- What Is Global Warming? — by National Geographic
- Global Warming Frequently Asked Questions — from NOAA
- Understanding Climate Change – Frequently Asked Questions Arkivert 2009-03-05 ved Wayback Machine. — from UCAR
- Global Climate Change: NASA's Eyes on the Earth — from NASA's JPL and Caltech
- OurWorld 2.0 — from the United Nations University
- Pew Center on Global Climate Change — business and politics
- Best Effort Global Warming Trajectories – Wolfram Demonstrations Project — by Harvey Lam
- Koshland Science Museum – Global Warming Facts and Our Future — graphical introduction from National Academy of Sciences
- The Discovery of Global Warming – A History Arkivert 2009-02-13 ved Wayback Machine. — by Spencer R. Weart from The American Institute of Physics
- Climate Change: Coral Reefs on the Edge Arkivert 2010-06-14 ved Wayback Machine. — A video presentation by Prof. Ove Hoegh-Guldberg, University of Auckland