Hopp til innhald

Global utveksling av militær informasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Global Exchange of Military Information (norsk 'global utveksling av militær informasjon') er ein avtale om årleg utveksling av informasjon skipa av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa i 1994.[1][2][3] I samsvar med denne avtalen vil alle deltakarland utveksla informasjon om alle sine militære styrkar over heile verda.[4][5][6] Denne utvekslinga skil seg frå Wiendokumentet i og med at ho ikkje er avgrensa til styrkar i Europa, det vil seia mellom Atlanterhavet og Uralfjella.

Informasjonen som er utveksla skal inkludere:

  • Plassering og personellstyrke under generalstaben.
  • Kommando, organisasjonar, kommandokjede, plassering og personellstyrke.
  • Totalt autorisert personellstyrke i dei væpna styrkane.
  • Total behaldning av våpensystem etter kategori og underkategori, og deira plasseringar.

Informasjonsutvekslinga vert gjennomført årleg i april, og skal reflektere tilstanden per 1. januar.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Organization for Security and Co-Operation in Europe». Osce.org. 28 November 1994. Henta 2013-08-16.
  2. ↑ «US Defense Threat Reduction Agency». Defense Treaty Ready Inspection Readiness Program. Henta 2013-08-16.
  3. ↑ «US Office of the Secretary of Defense». Acq.osd.mil. Arkivert frå originalen 2013-11-03. Henta 2013-08-16. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  4. ↑ http://www.osce.org/fsc/41384}}[daud lenkje]
  5. ↑ http://dtirp.dtra.mil/TIC/synopses/gemi.aspx}}[daud lenkje]
  6. ↑ http://www.acq.osd.mil/tc/treaties/gemi/execsum.htm}}[daud lenkje]