Glomdalsmuseet

Koordinatar: 60°52′35″N 11°33′12″E / 60.8763852°N 11.5532238°E / 60.8763852; 11.5532238
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°52′35″N 11°33′12″E / 60.8763852°N 11.5532238°E / 60.8763852; 11.5532238

Glomdalsmuseet

Glomdalsmuseet i Elverum er eit kulturhistorisk museum for Solør og Østerdalen, og av dei største friluftsmusea i Noreg. Museet er ein av sju avdelingar i Anno museum, som tidlegare heitte Hedmark fylkesmuseum. Formidlinga av soga til romanifolket (taterane) i Noreg har vorte ei viktig oppgåve for museet. Museet har òg formidlinga av soga til skogfinnane i området som eit sentral oppgåve. Dette var folk frå Savolax og Tavastland i Finland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg i tidsbolken 1575–1660, særleg i dei skogane som har fått namnet Finnskogen på båe sidene av den svensk-norske grensa.

Museet vart skipa i januar 1911, og namnet vart då skrive Glaamdalsmuseet. Men allereie i mars same året vart namnet endra til Glomdalsmuseet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glomdalsmuseet