Glomfjorden

Koordinatar: 66°48′07″N 13°58′13″E / 66.80194°N 13.97028°E / 66.80194; 13.97028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°48′07″N 13°58′13″E / 66.80194°N 13.97028°E / 66.80194; 13.97028 Glomfjorden er ein fjord i Meløy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 19 km austover til Fykan i botn av fjorden.

Fjorden startar i vest mellom GjersholmenMeløy i nord og Vassdalsvik i sør. Mellom desse to stadane går det ferjesamband, samt nordover til Ørnes. Aust for Meløya ligg øyane Skjerpa og Mesøya på nordsida av fjorden. Glomneset er eit langt og smalt nes som stikk ut i fjorden frå fastlandet aust for Mesøya. Mellom desse går sundet Eidet nordover til Ørnes. Sandåvika ligg på austsida av Glomneset og i denne bukta ligg bygdene Sandåga og Neverdal. Litt lenger søraust ligg grenda Selstad. Tettstaden Glomfjord ligg på nordsida heilt inne i fjorden. Sjølve botnen av fjorden endar i ein fjellvegg ved Fykan som stig 883 meter nesten rett til vêrs. I Fykan ligg Glomfjord kraftverk, kjent for aksjonen «Operasjon muskedunder» i september 1942, då kommandosoldatar tok seg over fjellet frå Bjærangsdalen og saboterte planlagt aluminiumsproduksjon i Glomfjord ved å sprengje turbinar og røyrgater til kraftstasjonen.

Fylkesveg 17 går langs nordsida av fjorden.