Glorie i meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solglorie på damp frå ei varmekjelde.
Solglorie og brockenspøkelse.

Glorie, òg kalla antikorona, er eit optisk fenomen som syner seg omkring skuggen til observatøren på eit tåke- eller skydekke, liknande ein halo. Ein kan sjå gloriar frå fjelltoppar og fly som farga ringar med sentrum i motsett retning av sola eller månen, og like langt under horisonten som vedkomande himmellekam står over. Fenomenet kjem av tilbakespreiing, som er ein kombinasjon av diffraksjon, refleksjon og refraksjon. Ein glorie kan minne om ein halo, men ein verkeleg glorie har fleirfarga ringar.

Vinkelstorleiken er mykje mindre enn ein regnboge, kring 5º til 20º, avhengig av dropestorleiken. Fenomenet er gjerne vanlegast å sjå frå eit fly, kring skuggen til flyet på ei sky.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]