Glottokronologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Glottokronologi er ein metode som blir nytta i historisk lingvistikk for å rekne ut kva tid to eller fleire språk skilde seg frå kvarandre. Metoden baserer seg på hypotesen om eit grunnleggjande ordtilfang i eit språk som endrar seg med ein konstant gjennomsnittleg snøggleik. Ein tek utgangspunkt i eit sams urspråk for språka ein vil samanlikne, og tel så kor mange ord som har blitt skifte ut i kvart språk. Ein reknar så med at dette gjev eit tilnærma tidspunkt for kva tid desse språka skilde lag. Både glottokronologien og den nærskylde leksikostatistikken blei opphavleg utvikla av den amerikanske lingvisten Morris Swadesh.

Den glottokronologiske metoden har blitt sterkt kritisert, og blei eigentleg falsifisert som vitskapleg teori av Bergsland & Vogt (1962). Metoden byggjer som nemnt på ein føresetnad om at det grunnleggjande ordtilfanget i endrar seg med ein konstant gjennomsnittleg snøggleik, og kan karakteriserast som ein mislykka freistnad på å skape eit språkvitskapleg motsvar til radiokarbondateringa i arkeologien.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bergsland, Knut & Hans Vogt 1962. On the validity of glottochronology. Current Anthropology, 3: 115-153.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]