Gluttsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gluttsnipa)
Gluttsnipe
Gluttsnipe
Gluttsnipe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Gluttsnipe
Utbreiinga av Gluttsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Gluttsnipe T. nebularia
Vitskapleg namn
Tringa nebularia

Gluttsnipa (Tringa nebularia) er ein vadefugl, den største arten blant snipene.

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Gluttsnipe i Rajasthan i India.
Gluttsnipe-egg

Gluttsnipa er ein langbeint, smekker fugl med lang hals og lange vengar og med ein lang og grov nebb som er svakt oppoverbøygd. Ho er berre litt større enn raudstilken, men på grunn av litt andre proporsjonar ter ho seg meir høgreist. Fuglen er 30 til 34 cm lang og har eit vengespenn på 55 til 62 cm. I alle fjørdrakter er ho ganske lyst farga, grå med svarte flekkar på oversida og lys på undersida. Brystet er fint vatra i svart mot ein kvit botn. Beinfargen skiftar i grågrønt til gulgrøn etter alder og årstid. Når fuglen flyg ser ein ein lang, breid, kvit kile på ryggen som strekker seg ned på stjerten i sterk kontrast til gluttsnipa sine gråsvarte vengeoversider. Hannane og til ei viss grad også hoene har eit fluktspel om våren, der dei stig høgt opp før dei dalar syngande ned.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Trass i at gluttsnipa har ei vid utbreiing vert arten delt opp i berre to underartar.

  • T. n. nebularia
  • T. n. glottoides

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Gluttsnipa er ein palearktisk art med ei utbreiing i hekkesesongen som strekker seg frå nordlege delar av Storbritannia i vest til Kamtsjatka i aust. Ho er trekkfugl og overvintrar i middelhavslanda og vidare sørover til sør om Sahara. Lengre aust overvintrar ho i dei sørvestre delane av India, i Indonesia, øyane i Sørkinahavet og i Australia.

Leveområde i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Her til lands hekkar gluttsnipa i høgtliggande barskog og i bjørkebeltet, sjeldan i vierregionen. Ho finst både på turre parti i open skog og ved myrar, ofte i nærleiken av vatn og elvar. I Sør-Noreg er og mest ein innlandsfug, frå Nordmøre og nordover finst ho også i meir kystnære område. Truleg hekkar om lag 12 tusen par i Sør-Noreg og 5 tusen par i Nord-Noreg.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Arten hekkar helst nær myrar og legg til vanleg fire egg i eit enkelt reir i ei grunn grop på turr mark, gjerne nær ein stein eller ei grein. Egga vert lagde i slutten av mai eller først i juni. Dei vert ruga i 23-25 døgn av begge foreldra. Ungane dreg frå reiret det første døgnet etter klekking, og kullet kan gå langt til område som passar for oppfostring. Etter 25-31 døgn kan ungane flyge. Gluttsnipene kan både vere aggressive eller spele skada på hekkeplassane.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Gluttsnipa leitar energisk opp maten sin på grunt vatn. Kosten består av alle slags smådyr, til dømes insekt, fisk og krepsdyr.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Gluttsnipene kjem til hekkeplassane i april-mai. Hoene dreg sørover allereie i juli, ungfuglane og hannane kjem etter i august-september. I første omgang dreg fuglane til Vadehavet eller Tyskland. Seinare dreg dei vidare til overvintringsområda, som for den skandinaviske bestanden først og fremst ligg sør for Sahara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av gluttsnipe Tringa nebularia for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gluttsnipe